Generalisering, myteknekking og etiske haldningar

John Petter Lindeland, leiar NNH

Lege og forfattar Kaveh Rashidi har i Aftenposten 30. august lagt fram ei 10 punkt-liste til korleis ein kan førebyggja unødvendig skade i medisinsk verksemd. Debattinnlegget er spesielt adressert til behandlarar innan alternativ medisin – denne store «sekken» som rommar alt frå tre weekend-kurs til fleire års utdanning. Personleg tykkjer eg råda han kjem med, ikkje er spesielt kontroversielle og motstridande i høve NNHs etiske retningslinjer. Verre er det med ein del av analysane og nokre av formaningane

Møte om behandling av barn: Auka tendens til sjukleggjering er urovekkjande

Etter TV2 programmet Helsekontrollen, der eit av innslaga hadde fokus på behandling av barn med alternative medisinske metodar, tok NNH initiativ til dialogmøte mellom Norsk barnelegeforening, Landsgruppen av helsesøstre NSF og NAFKAM.  Føremålet var informasjonsutveksling knyta til reaksjonar på nemnde program, kommunikasjon/etikk og elles erfaringar i møte med denne behandlingstradisjonen. 

Fagleg oppdatering og pasienttryggleik

Gjennom NNH sitt etiske regelverk er alle terapeutmedlem i organisasjonen forplikta både etisk og moralsk til å oppdatera seg fagleg. Innan akademia ville dei kalla dette Continuing Professional Development (CPD). På godt norsk kunne ein kalla dette for Kontinuerleg Fagleg Oppdatering (KFO). Ordet kontinuerleg er det sentrale i dette omgrepet, fordi det peikar på at denne oppdateringa ikkje er tidsavgrensa, men skal vera prega av jamn innsats og påfyll i heile yrkesperioden.