
Naturmedisin/alternativ behandling og marknadsføring
20.02.2013
Statens helsetilsyn og Forbrukarombudet har ved undersøking av hundre nettsider, avdekka at fleire tilbydarar av alternativ behandling driv med ulovleg marknadsføring. Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) tek sterk avstand frå marknadsføring som svekker pasienttryggleiken.
NNH har gjennom mange år arbeida aktiv for å skapa sunne etiske haldningar i vårt møte med pasientar både gjennom kvalitetssikring av utdanningar/godkjenningsordningar og kontinuerleg fagleg oppdatering. Gjennom Sammenslutningen av alternative behandlerorganisasjoner (SABORG) har NNH implementert det som heile tida har vore hovudfokuset i arbeidet: pasienttryggleik, standardisering, forsking, utdanning og fagleg utvikling.
NNH har også eit etisk råd som kan behandla klager og uttala seg når det gjeld etiske spørsmål. Sentralstyret kan i verksetja sanksjonar overfor medlemmer som bryt etiske reglar og vedtekter.
Organisasjonen tek stikkprøver med jamne mellomrom når det gjeld marknadsføring hjå våre eigne medlemmer, eller reagerar på tips frå pasientar/publikum eller andre terapeutar. Desse blir handsama så raskt som mogleg og gjeve skriftlege tilbakemeldingar dersom det er noko kritikkverdig. Så langt gjeld dette få saker.
Paradokset i denne samanhengen, er at feltet har fått liten drahjelp frå forvaltning og politisk nivå. SABORG har som fyrsteprioritet i handlingsplanen kome med forslag om faglege formalkrav når det gjeld registrering i Det frivillige registeret for alternative behandlarar (Brønnøysund) for å styrkja pasienttryggleiken og legitimiteten til registeret. Vidare er det utarbeida retningslinjer for eit felles klageorgan for bransjen. Det er søkt om offentleg finansiering. Helsedepartementet har førebels avslått søknaden.
NNH meiner at dagens regelverk som omhandlar sektoren er tilfredstillande. I staden for ei eventuell endring, bør det heller setjast inn større ressursar på handheving. Dette kan gjerne skje i samarbeid med organisasjonane.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med leiar i NNH John Petter Lindeland på leiar@nnh.no eller mob. 948 90 152 – eller NNHs hovedkontor på tlf. 22 33 32 20.
- NNHs leder John Petter Lindeland om alternativ behandling og markedsføring i Nyhetslunsj på NRK Radio 20. februar 2013 (ca 13:20 ut i programmet).
- Tidligere generalsekretær i NNH Sigrun Kirkeberg om alternativ behandling og markedsføring i Aktuelt på NRK TV 20. februar 2013.
- Pressemelding: Naturmedisin/alternativ behandling og marknadsføring 21. februar 2013