Nordisk samarbeidsmøte på Island

Nordisk samarbeidskomité for komplementær og alternativ medisin (NSK) på Island 2023

NNH har gjennom mange år vore medlem av Nordisk samarbeidskomité for komplementær og alternativ medisin (NSK). Dette er eit forum der organisasjonar frå dei nordiske landa møtes for å utveksla informasjon om kva som skjer av både fagleg og politisk karakter. Kvart land leverer landsrapport ei god tid før møtet. Desse blir gjennomgått, og drøfta i plenum.

Brev til den danske legeforening

Det er ein pågåande debatt i Danmark om legitimiteten til registeret for alternative behandlarar (RAB). Lægeforeningen i Danmark har vore førande i kritikken, og som i etterkant er fylgt opp av  helseminister Magnus Heunicke. Han har annonsert at det etter covid-pandemien vil bli ein gjennomgang i høve denne ordninga. Fokuset er pasienttryggleik og forbrukarrettar. Responsen frå registrerte RAB-terapeutar, er at kritikken er fragmentert og ikkje byggjer på god dokumentasjon. Debatten liknar i så tilfelle på den norske, som også ber preg av anekdotiske  forteljingar.