Nasjonal strategi for persontilpassa medisin 2023–2030
Følgende innspill ble sendt til Helse- og omsorgsdepartementet 6. mars 2023. Nasjonal strategi for persontilpassa medisin 2023–2030 Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) viser til dokumentet som er lagt ut på regjeringa si nettside – Nasjonal strategi for persontilpasset medisin 2023–2030. NNH deler mange av regjeringa sine visjonar og målområde, slik dei er formulert i dokumentet. Mange er heilt i tråd med naturterapien sine prinsipp og verdiar i høve behandling og omsorg. Dessverre konstaterer me at naturterapi ikkje er nemnt med eit ord i denne samanhengen, trass i at vår behandlingstradisjon alltid har hatt fokus på heilskapstenking og persontilpassa tilnærming både når det gjeld diagnose og behandling. Som fullverdig medlem av World Naturopathic Federation (WNF), gjev det nyleg publiserte HTAdokumentet Naturopathy – Practice, Effectiveness, Economics & Safety – eit godt innblikk i denne medisinske tradisjonen. (samandrag på norsk). HTA-dokumentet har omfattande kapittel som omhandlar forsking. Hovudprinsippa i naturopatien, kviler på sju fundament – og der fokuset nettopp er persontilpassa behandling: Fyrst og fremst, ikkje gjer skade (primum non nocere) Naturens lækjande kraft (vis medicatrix naturae) Behandle årsaka (tolle causam) Behandle heile menneske (tolle totum) Lege/terapeut som lærar (docere) Helsefremjing og sjukdomsførebygging Helse og velvære Naturterapi/naturopati er pr. i dag ein del av det totale norske helsesystemet, regulert gjennom to hovudlover: Helsepersonellova og Lov om alternativ behandling av sykdommer. Fleire hundre tusen av den norske befolkninga nyttar seg av denne medisinske tradisjonen. Ei spørjeundersøking frå NAFKAM 2018 1), viser at 63% meinte dei hadde fått ein betre helsetilstand ved bruk av naturmedisin/alternativ behandling. […]