Fagleg oppdatering og pasienttryggleik

Gjennom NNH sitt etiske regelverk er alle terapeutmedlem i organisasjonen forplikta både etisk og moralsk til å oppdatera seg fagleg. Innan akademia ville dei kalla dette Continuing Professional Development (CPD). På godt norsk kunne ein kalla dette for Kontinuerleg Fagleg Oppdatering (KFO). Ordet kontinuerleg er det sentrale i dette omgrepet, fordi det peikar på at denne oppdateringa ikkje er tidsavgrensa, men skal vera prega av jamn innsats og påfyll i heile yrkesperioden.

NNH styrkar og skjerpar sine fagkrav

John Petter Lindeland

Som eit ledd i NNHs kvalitetssikring av studietilbud/utdanningar og krav til faglig nivå i grunnleggjande  allmenndanande basisfag, har sentralstyret gjort vedtak om at utdanning i Naturmedisinsk grunnutdanning og Generelle fag/VEKS-fag, i tillegg til nåverande krav i Grunnmedisin, skal vera gjeldande for terapeutmedlemskap for  utdanningar som startar etter 1. januar 2010.