
Generalisering, myteknekking og etiske haldningar
Lege og forfattar Kaveh Rashidi har i Aftenposten 30. august lagt fram ei 10 punkt-liste til korleis ein kan førebyggja unødvendig skade i medisinsk verksemd. Debattinnlegget er spesielt adressert til behandlarar innan alternativ medisin – denne store «sekken» som rommar alt frå tre weekend-kurs til fleire års utdanning.
Utgangspunktet er eit relativt ferskt medieoppslag om ein kreftsjuk mann som døydde i 2014. Dei etterlatne har gått til rettssak mot behandlaren, fordi dei meiner at vedkomande hindra pasienten i å oppsøkja adekvat medisinsk behandling. Til informasjon, er saka endå ikkje kome opp i rettssystemet. Det føreligg difor ingen forklaring frå behandlar, som i dette tilfelle også er lege. Inntil rettsforhandlingane er over og dom er avsagt, er det vanskeleg – eller uetisk å koma med bastante konklusjonar om det har skjedd eit lovbrot i høve Lov om alternativ behandling.
- Kjære alternative behandlere [Aftenposten 30.08.2018]
10-punkt lista
Ambisjonen til Rashidi er at alle som driv med alternativ behandling kan seia seg samde både når det gjeld analysen og dei råda han kjem med. Personleg tykkjer eg råda han kjem med, ikkje er spesielt kontroversielle og motstridande i høve NNHs etiske retningslinjer. Verre er det med ein del av analysane og nokre av formaningane. Her skortar det på kjelder som kan underbyggja alle påstandar han kjem med. Og den som ikkje kan det, driv med myteskaping og aktiv generalisering. Her er eit knippe påstandar og formaningar.
A - Mange alternative behandlingsmetoder utnytter håpløsheten til pasienten og selger dem falskt håp.
B - Barn, gravide, pasienter med smittefarlige eller dødelige sykdommer. Dette er eksempler på grupper der alternative behandlere bør holde seg helt unna.
C - Å stille diagnoser er et arbeid som kun autorisert helsepersonell skal ha retten til å gjøre, da det kan endre livet til den som får diagnosen.
D - Hvis man ønsker noen god helse, så er man nødt til å involvere og samarbeide med fastlege når man gir råd om behandling.
Falske håp
Til A: Ja, det er sikkert nokon som gjer det – men kor omfattande er slike haldningar? Debattanten gjev ingen referansar.
Om slikt skjer, kan dette vera straffbart i høve norsk lov – og om slik aktivitet blir meldt inn til seriøse organisasjonar med gjennomtenkt etisk regelverk, vil dette kunne føra til konsekvensar for den det gjeld. Og når det gjeld informasjon om etikk og etiske haldningar, bør dette vera eit kontinuerleg arbeid som terapeutmedlemmene blir eksponert for med jamne mellomrom – og helst kvar dag. Her har me organisasjonar eit stort ansvar.
Igjen; ein generalisert påstand som kan vitna om at artikkelforfattaren ikkje er informert om mangfaldet i denne sektoren – som har fått den juridiske sekkenemninga alternativ behandling.
Sårbare grupper
Til B: Lovverket i Norge gjev ikkje eit forbod mot behandling av desse pasientgruppene som er nemnt. Når det gjeld alvorlege lidingar, er lovverket tydeleg: Andre enn helsepersonell kan likevel utøve behandling som utelukkende har til hensikt å lindre eller dempe symptomer på eller følger av sykdommen eller lidelsen eller bivirkninger av gitt behandling, eller som har som formål å styrke kroppens immunforsvar eller evne til selvhelbredelse.
Der Kaveh Rashidi er absolutt, gjev lovverket rom for både palliativ behandling eller tiltak som gjer at pasienten kan leva lettare med sjukdomen. Dette underbyggjer intensjonen i lovverket og eit viktig perspektiv: verda og røynda er ikkje svart/kvit. Slik er det heller ikkje i det terapeutiske feltet.
Kommunikasjon som gjer at pasienten oppfattar tiltaka retta mot sjølve sjukdomen eller som alternativ til adekvat offentleg behandling, er straffbart. Terapeutar med dårleg dømekraft i høve både lovverk og etiske handlingar, bør finna seg andre yrker!
Når det gjeld barn, vil eg sitera lege og naturterapeut Hanna Christine Myhre:
«Det er vanskelig å se at det kan være formålstjenlig å påføre barn opplevelser som kan være ubehagelige/smertefulle uten at man samtidig kan kommunisere med dem og forklare hva som skjer. Det stiller i så fall store krav til behandleren for å skaffe trygghet i slike situasjoner.»
Igjen; ei generalisering som resulterer i absolutte haldningar. Undersøkjingar gjort av NAFKAM, tyder på at alternative behandlarar har sterk fokus på pasienttryggleik.
- Enighet blant behandlere: - Alternativ behandling må først og fremst være sikker i bruk [Nifab 15.02.2018]
Diagnose
Til C: I motsetnad til Rashidi, vil det etter mitt syn vera ansvarslaust ikkje å stilla diagnose som ledd i ein behandlingsstrategi. Men som eg skriv i ein tidlegare artikkel Diagnose og kommunikasjon – etiske problemstillingar (mynta på terapeutar underlagt Lov om alternativ behandling):
Funn/diagnose bør ikkje kommuniserast direkte til pasient – alternativt i ei form som ikkje blir oppfatta som ein diagnose utarbeida med dokumenterte medisinske metodar, men som eit tillegg.
- Diagnose og kommunikasjon – etiske problemstillingar [nnh.no 15.08.2018]
Dei to helsejuristane som er referert i artikkelen, understrekar også at diagnose er knyta til kompetanse.
Igjen; ein retorikk som er bastant, og som vitnar om korte tankerekker og lite kunnskap om andre medisinske tilnærmingar.
Samarbeid
Til D: Eg trur det er stor grad av konsensus i Norge om at fastlegen har ei nøkkelrolle som koordinerande faktor rundt kvar pasient. Dessverre opplever mange pasientar negative haldningar hjå mange legar dersom dei ynskjer å bruka naturmedisinske metodar i tillegg til andre behandlingsråd. Ei kritisk haldning tufta på fordommar og arroganse, er ikkje samarbeid til pasientens beste. Legeutdanninga – eller spesielt allmennlegeutdanninga bør innhalda langt fleire undervisningstimar om andre medisinske tradisjonar enn det gjer i dag.
Og, det er korkje lege eller terapeut som aleine gjev god helse – men pasienten sjølv. Hjelp til sjølvhjelp burde ha større fokus generelt. Faren for auka grad av sjukleggjering kviler på alle terapeutiske disiplinar – ikkje berre dei som sorterer inn under «sekken » alternativ behandling.
Til slutt ei oppmoding til aktørar som ynskjer å koma med innspel overfor vår medisinske tradisjon: ver like retteleg og «vitskapleg» som du sjølv meiner at eit kvart ordskifte bør tuftast på.