
Unyansert og generalisert framstilling av ein heil bransje
Denne kronikken ble første gang publisert på VG.no 26.05.2020:
Naturterapeuter: "Unyansert og generalisert framstilling av en hel bransje"
Eit oppslag i VG om Tarjei som har valt eigne vegar når det gjeld behandling av kreftsjukdomen sin, har opprørt medlemmene i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) – både når det gjeld å få del i den aktuelle pasienthistoria, men også ei unyansert og generalisert framstilling av ein heil bransje som sorterer under det same lovverket. Når vårt hovudfokus gjennom mange år har vore fagkompetanse og pasienttryggleik som byggjer på gode etiske haldningar, blir karakteriseringar som - «dette er en kynisk bransje» - «slik praksis skjer jo hele tiden» - på grensa til det useriøse.
Artikkel VG.no 23.05.2020:
Ut mot alternative kreftbehandlere: – Ubegripelig at det ikke skjer noe
I oppslaget får lesaren ingen dokumentasjon på kven desse aktørane er, kva slags fagkompetanse dei har, omfanget og om dei er organisert i organisasjonar som stillar fagkrav osb. Dersom anekdotisk medie-dokumentasjon skal både føra til generell svartmaling av ein heil bransje og rop om strengare regulering, er dette eit alvorleg demokratisk problem som både media, pasientorganisasjonar og helsejuristar bør ta inn over seg.
NNH har ved mange høve, både overfor helseforvaltning og politikarar, etterlyst strengare regulering når det gjeld Registeret for utøvararar av alternativ behandling. Ein høgare terskel for å koma inn i dette registeret, meiner me vil føra til høgare terapeutkompetanse, betre pasienttryggleik, lettare avdekking av tvilsam praksis og ikkje minst styrking av fagorganisasjonane sitt arbeid. Seriøse og kompetente fagorganisasjonar er eit av fundamenta for å skapa gode rammeverk for terapeutisk verksemd og samstundes få til ei god samhandling med offentleg helseforvaltning. Covid-19 pandemien er eit godt døme på dette. Her var NNH tidleg ute med ei klar oppmoding til våre terapeutar om å fylgja dei offisielle smitteverntiltaka, og samstundes demma opp for myter og feilinformasjon som sirkulerer om koronaviruset og naturmedisin.
NNH tek sterk avstand frå aktørar som driv praksis i strid med lovverk og forskrifter og spreier tvilsame påstandar om behandling av alvorleg sjukdom. Me har i alle år hatt god dialog med Forbrukartilsynet når det gjeld tiltak i høve marknadsforskrift av alternativ behandling.
I denne samanhengen er det, som både helseminister Bent Høie og Helsetilsynet antydar, umogleg å skapa reguleringar som hundre prosent hindrar at enkelte menneske blir offer for ekstreme haldningar ut i frå eigne motiv – eller gjennom påverknad frå aktørar som ser seg tent med ein slik praksis. Helseministaren kjem også med ein annan viktig bodskap til legane som kan ha preventiv verdi: snakk med pasientane om alternativ behandling.
Utfordringa som media bør ta inn over seg, er at generalisering og påstandar basert på ufullstendig informasjon, skaper feil fokus i arbeidet som vi alle er opptatt av – nemleg pasienttryggleik. Det skaper i tillegg eit ufortent omdøme av terapeutyrket og den naturmedisinske behandlingstradisjonen.