Den anekdotiske rekylen
Anekdotiske pasienthistorier er og blir forteljingar som har ein subjektiv sanning i seg, men ikkje objektiv og allmenn.
Det er få ting som kan måla seg med eit positivt resultat av eit ærleg stykke arbeid. Det gjev sjølvtillit. Og auka sjølvtillit kan gje mange ringverknadar: nye vener, fleire kundar, pengar i kassa osb. Om ikkje knekken i nakken blir for stor og nasevinkelen gjer at regn og sludd har fri passasje til svelget, kan dette vera udelt positivt for den eller dei det gjeld. Og i tillegg kan du raskt bli omtalt i positive vendingar av både den eine og den andre, som eld i turt gras eller som hoppande apekattar frå tre til tre gjennom jungelen – kjend som jungeltelegrafen.
Me naturterapeutar er ikkje noko unntak i så måte. Det er jo gode resultat me lever av. Så kvifor skulle ikkje me få spreia glade anekdotiske pasienthistorier i kva form og innhald me vil? På mange måtar har me i lengre tid eigentleg hatt denne fridomen, godt sekundert av sensasjonskåte mediehus som ikkje er spesielt oppteken av nyanserte og saklege vinklingar på relativ kompliserte livsområde – slik som sjukdom og helse kan vera. Biopat og naturterapeut Fride Aasen har i sin artikkel Medias mobbing av den alternative bransjen gjort seg nokre tankar i høve dette. Ho referer blant anna til tidlegare rektor ved Norsk Akademi for Naturmedisin (NAN), Bjørn Olav Røssberg, som var svært skeptisk til media/vekebladene si ukritiske og anekdotiske promotering av naturmedisin og alternativ behandling (dette var tidleg på 1970-talet!!). Om ikkje mannen var klarsynt eller hadde profetiske evner, har han sine bekymringar i ettertid blitt materialisert i form av svært kritiske røyster overfor denne behandlingstradisjonen. Det rekk å nemna Foreningen Skepsis og Folkeopplysningen på NRK. Kritikken har av og til hatt ei form som kan minna om fundamentalistisk retorikk. Om ein skulle bruka Newtons tredje lov om kraft og motkraft i ein humanistisk kontekst i høve dette, ville ein kunne hevda at dette var eit liknande svar som medias/vekeblada si himmeljublande ukritiske promotering. Den anekdotiske rekylen var det få som hadde tenkt på, og den har råka sektoren rimeleg hardt.
Marknadsføring
I samband med ny Lov om alternativ behandling i 2003, kom også ei forskrift om marknadsføring. Forbrukarombudet (nå Forbrukartilsynet), utarbeidde etter kvart detaljerte føresegner. Desse blei revidert i 2017, med justering i høve rettspraksis og elles anna erfaring.
Det er i denne samanhengen viktig å nemna at slike forskrifter ikkje er spesielt for berre vår sektor. Også i Helsepersonellova er det poengtert at all marknadsføring skal vera sakleg og nøktern, likevel utan at det er utarbeida meir detaljerte føresegner. I andre sektorar er det langt meir omfattande regelverk.
For dei som har ytra seg i kritiske vendingar mot marknadsforskriftene slik dei nå blir praktisert, kan det vera nyttig å tenkja over at det som ein ved fyrste innfall kan oppfatta som konspiratoriske krigserklæringar mot vår medisinske tradisjon, kanskje har sider ved seg som er det stikk motsette. Helse og sjukdom er komplekst. Anekdotiske pasienthistorier er og blir forteljingar som har ein subjektiv sanning i seg, men ikkje objektiv og allmenn. Eit offentleg vern mot forhåpningar/påstandar som berre har sitt grunnlag i avgrensa kliniske erfaringar, meiner eg brukarar/publikum har krav på. Spesielt i ein sektor der kompetansenivået kan variera frå nokre få helgekurs til fleire års utdanning.
Pasientsikkerheit
I staden for å brukar krefter mot forskrifter som lite truleg blir endra i vesentleg grad, burde både den enkelte terapeut og sektoren heller skapa fokus og formidling på eit område som både gjev auka legitimitet og i liten grad skapar grobotn for kritiske røyster. Eg tenkjer i denne samanhengen på pasienttryggheit, og her i ei tyding som både omfattar gode etiske haldningar, fagkompetanse og innsikt i kor grensa for sistnemnde er. I tillegg kan det supplerast med dei andre kvalitetane som eg meiner vår behandlingstradisjon er kjent for: tilpassa behandling ut i frå sjukdomshistorie og symptombilde, motivasjonsarbeid for endring av kost/livsstil, formidling av andre perspektiv på sjukdom og helse enn det som det offentlege helsevesenet gjev osb. Og viktigast av all formidling: pasienten skal få ei kjensle av at det er trygt å oppsøkja deg som terapeut, og at ein gjer dei beste vurderingane som er mest gunstig for den enkelte.
Anekdotar og dokumentasjon
Kvar enkelt fag burde framover kommunisera seg i mellom og skapa konsensus om kliniske erfaringar i høve ulike sjukdomstilstandar, og initiera pilotstudiar. Dette gjev auka kompetanse i systematisering av eigne erfaringar, og skapar eit medvit om kva forsking er. Vona i framtida er at det blir oppretta eit Klinisk kvalitetsregister innan alternativ behandling, der alle terapeutar har høve til å senda inn kasus. Ein slik database vil kunne danna grunnlag for vidare forsking. Inntil vidare er alternativet å senda inn kasus til Registeret for eksepsjonelle sykdomsforløp (RESF) eller det internasjonale kliniske registeret CaseRe3. Vendinga mot ein slik strategi og formidlingspraksis, er etter min forstand meir fornuftig enn å ta omkamp om løyve til å presentera kliniske erfaringar som objektive og dokumenterte sanningar. Rekylen av ein slik praksis har hatt ein bitter ettersmak, og som ikkje freistar til gjentaking.
Kjelder: