Det skal vera trygt å oppsøkja ein naturterapeut som er medlem av NNH
Det kan vera utfordrande å skilja ut spesielle element i vårt organisasjonsarbeid, sidan mest alt handlar om at det skal vera trygt å oppsøkja ein naturterapeut som er medlem av NNH. Eg har likevel valt å trekkja ut seks hovudelement som eg meiner er dei mest sentrale, sa NNHs styreleiar i sitt innlegg på pasientsikkerhetskonferansen i regi av NAFKAM og SABORG.