Det viktigaste er å vinna barnet sin tillit

Hanna Christine Myhre har drive naturterapeutisk praksis i Bergen gjennom fleire tiår, hovudsakleg med soneterapi og homøopati. Ho har også utdanning frå barnevernskule og grunnfag i psykologi. Dei fyrste praksisåra hadde ho ved barnepsykiatrisk avdeling på Haukland sjukehus, og seinare på helsestasjon og som skulelege. Behandling av barn har vore ein vesentleg del av hennar praksis.