Seriøse organisasjonar treng støtte frå forvaltning og politikarar

Generalsekretær i NNH Sigrun Kirkeberg, leiar i Helse- og omsorgskomiteen Kari Kjønaas Kjos (FrP) og leiar i NNH John Petter Lindeland.
NNH har hatt møte med Kari Kjønaas Kjos (FrP), leiar i Stortingets Helse- og omsorgskomité. Hovudagendaen for møtet var todelt: pasienttryggleik og organisasjonsutvikling. Det var spesielt fokus på korleis Registeret for utøvarar av alternativ behandling har utvikla seg sidan det blei etablert.
- Diffuse fagkrav og kompetansenivå.
- Uklart skilje mellom velværebehandling og terapeutisk verksemd.
- Uklart skilje mellom klinikk og organisasjon (nokre hadde krav om å vera tilsett på ein spesiell klinikk for å bli medlem av organisasjonen)
- Uklart skilje mellom organisasjonsleiing og eiga næringsverksemd.
Dessutan har alternative behandlarar sjølvstendig behandlaransvar og er ofte primærkontakt.
Erfaringar viser at dei som har minst utdanning, ofte er dei som trur dei kan mest. Kommunikasjonen med pasientar kan difor føra til at dei blir leia inn i urealistiske førestillingar om heling og diagnose – av og til med alvorlege fylgjer.
Organisasjonsutvikling
Ved at forskriftene stillar lite krav til organisasjonar, er det difor lett å oppretta nye – om ein blant anna er usamd i krav/fagstandard. Dette er ein uhaldbar situasjon for seriøse organisasjonar som i årevis har arbeida for auka profesjonalitet og pasienttryggleik. Det kan på sikt utarma slike organisasjonar både når det gjeld økonomiske og menneskelege ressursar.
Seriøse organisasjonar/terapeutar får inga «drahjelp» med omsyn til profesjonalisering frå styresmaktene. Dette kan svekka motivasjonen til å ta lengre utdanningar, når ein veit at terapeutar med nokre weekendkurs får dei same rettane: fritak for merverdiavgift og offentleg tittel Registrert terapeut. Ein slik tilstand bryt med det som blir oppfatta som vanleg standard innan arbeids/samfunnsliv: ulike rettar/privilegium – løn, tittel osb. – blir tildelt dei som kan visa til eller dokumentera ein forventa innsats i form av utdanning, ansvar, arbeidstid osb.
Legitimitet
Legitimiteten til registeret bør i framtida knytast opp til ein konsensus av kva samfunnet/fag- og pasientorganisasjonane oppfattar som eit forsvarleg utdanningsnivå for terapeutar som ikkje er autorisert helsepersonell. Både plikter og rettar bør bli tildelt dei som oppfyller dette kravet – i dette tilfellet mva-fritak og tittel Registrert terapeut. Terapeutar som ikkje ynskjer å innfri dette kravet, fell utanfor ei slik ordning og kan driva si verksemd etter dei føringane som ligg nedfelt i Lov om alternativ behandling.
NNH meiner at tida er mogen for ei evaluering av Lov om alternativ behandling med forskrifter og ynskjer at det bli sett ned eit breitt samansett utval som kjem med ei innstilling overfor Helse- og omsorgsdepartementet og Stortinget.




