Bokomtale: Historia om einsretting og konformitet
Forfattarane av Helsekampen gjev i forordet klar melding om kva som er utgangspunktet for boka: kloden vår står ikkje berre over for ei ytre økologisk krise, men også ei indre. Måten menneske tenkjer om og behandlar den ytre verda, speglar også korleis me tenkjer om og behandlar oss sjølv – og vår eigen organisme.

