Erfaringsrikt møte med den globale naturterapeutiske behandlingstradisjonen

Deltakere på WNFs samarbeidsmøter og generalforsamling i Genéve 2023

NNH var sterkt representert på World Naturopathic Federation (WNF) sine arbeidsmøter og generalforsamling i Genève 13.-16. september 2023 – med både nestleiar Jarle Botnen og styreleiar John Petter Lindeland. Mange nye nettverk er etablert i Brasil, USA, Canada, fleire land i Europa og Afrika, Australia og Danmark.

Det logiske grunnlaget til helse og sjukdom

Studiet av livssyklusen for plantar og andre levande organismar startar med forståinga av at det er ein grunn til at ting skjer. Plantar og dyr blir forventa å reagera på miljøet rundt seg, og eventuelt endra seg basert på miljøfaktorar, å veksa eller døy basert på kva dei får av mat eller kva dei manglar. Det er ein logikk og ein grunn til at alt skjer. Kvifor blir ikkje den same logikken etterspurt når ein studerer helse og sjukdom hjå menneske?

Pasientar treng ei kjensle av retning

Rick Scott, Naturopathic Doctor (USA)

– Som naturopat bruker eg ulike terapiformer, inkludert akupunktur, austlege og vestlege urter, massasje, manuell terapi, kraniosakralterapi, kosthalds- og livsstilsrådgjeving for å hjelpa til med å løysa dei grunnleggjande årsakene til sjukdom og styrkja pasientane mine til å ta ei meir aktiv rolle i deira helsearbeid, seier Rick Scott i et intervju i Naturterapeuten – NNHs tidsskrift for naturmedisin.