
NNH styrkar og skjerpar sine fagkrav
Set pasienttryggleik og fagkompetanse i sentrum
- Som eit ledd i NNHs kvalitetssikring av studietilbud/utdanningar og krav til faglig nivå i grunnleggjande allmenndanande basisfag, har sentralstyret gjort vedtak om at utdanning i Naturmedisinsk grunnutdanning og Generelle fag/VEKS-fag, i tillegg til nåverande krav i Grunnmedisin, skal vera gjeldande for terapeutmedlemskap for utdanningar som startar etter 1. januar 2010. Det seier leiar i NNH, John Petter Lindeland.
- SABORG sitt konsensusvedtak når det gjeld fagplan for VEKS-fag, vil bli implementert i Utdanningsdokumentet. Timeomfanget for denne fagplanen er sett til minimum 50 undervisningstimar. Det er viktig for undervisningsinstitusjonane å vera klar over at dette er eit minimum, og at omfanget bør tilpassast dei ulike terapiformene. NNH gjer også merksam på at Generelle fag i Utdanningsdokumentet inneheld fleire fagemne som kjem i tillegg til Saborg sin VEKS-fagplan.
Lindeland kan opplysa at mange undervisningsinstitusjonar allereie har fragmenterte studietilbod i desse nemnde basisfaga.
- Vedtaket er eit ynskje om ei synleggjering av dei ulike elementa i studieplanar. Også krav om behandlingspsykologi, ernæring og naturmedisinsk grunnforståing har vore gjeldane for mange terapiformer i lengre tid. Ei synleggjering er eit signal til undervisningsinstitusjonane om å ta på alvor dei rettane studentar har når det gjeld informasjon om studieemne og omfang, klageorgan og ryddige administrative rutinar.
– NNH er av den meining at høgare og skjerpa krav til utdanning, styrkar pasienttryggleiken og fagkompetansen til den einskilde terapeut, seier han.
- Dette vil igjen føre til trygge terapeutar, styrking av næringsgrunnlaget i bransjen og føra til ei kvalitetsutvikling innan undervisningssektoren, uttalar Lindeland.
Å inneha ein brei og allsidig naturmedisinsk kunnskapsbase, aukar sjansen for at ein kan hjelpa fleire pasientar både i eigen praksis, men også vera støttespelar når det gjeld å orientera seg mot andre helsefremjande tiltak. Lindeland synder vidare til at ein på NNH si internettside vil finna ei liste over undervisningsinstitusjonar som har godkjente studieplanar/utdanningar kvalitetssikra av NNH.
Se artikler relatert til: