Sjølvmelding: Kven er vi?
I NNHs utdanningsdokument har me gjort eit forsøk på å formulera ein fellesnemnar for alle terapiformer og tilnærmingar innan den naturterapeutiske behandlingstradisjonen:
Alle levende organismer har evne til å hele skader og derved gjenvinne sin anatomiske og funksjonelle integritet. Ofte benevnes dette som selvhelbredelse. Under ulike sykdomstilstander må organismen av og til understøttes for at denne selvhelbredelsen skal skje optimalt. Mange av disse understøttelsesmetodene er utviklet innen den naturmedisinske tradisjonen, og bruken av disse er stigende i befolkningen.
De ulike naturmedisinske terapiformene kan være svært ulike i sin praktiske utøvelse, men virkningsmekanismene vil være de samme. Forklaringsmodellene de bygger på er sammensatt av ulike begreper, mest bestemt ut ifra hvilken kultur de har oppstått i og hvilken teknikk/redskap som blir anvendt. Likevel er også her fellesnevneren slående. Sammen vil de komplettere hverandre, og derved danne forståelsesmodeller som vil kunne innvirke positivt på den praktiske utøvelsen av de enkelte terapiformene.
Tittelbruk
Heile dokumentet er eit forsøk på å etablera ein felles fagidentitet som går utover kva den enkelte terapiform rommar. I dokumentet er det også tilrådd at felles yrkestittel er Naturterapeut. Av dei som er oppført i Registeret for utøvarar av alternativ behandling, har om lag 45 % nytta denne tittelen. Sjølv om ikkje alle har eit like gjennomtenkt forhold til ein felles yrkestittel, kan ein i alle fall konkludera med at godt over halvparten av NNH sine medlemmer ser ut til å ha ei større identitetskjensle overfor den terapiforma dei kanskje nyttar mest – samanlikna med ein felles yrkesidentitet.
Kan ein med dette hevda at vårt prosjekt gjennom Utdanningsdokumentet har vore mislykka, eller har me som organisasjon ikkje vore flinke nok til å formidla kva som har vore baktanken for strategien? I staden for å fordela skuld, trur eg det er meir fruktbart å analysera kva som kan vera årsaka til denne statusen. Sjølv trur eg det er to hovudårsaker som har vore avgjerande. Den fyrste, og kanskje den mest innlysande, er at det pr. dato ikkje har blitt etablert utdanningar i Norge som korresponderer med organisasjonsnamnet vårt – naturterapeutar. Skule og fagtittel som der blir tildelt er ein sterkt identitetsmarkør, og trumfar seinare forsøk på å endra denne. Den andre er at nemninga naturterapi/naturterapeut har hatt ei heller mager internasjonal ryggdekking og samstundes ein litt uklar fagdefinisjon. Summen av desse to faktorane, har såleis ført til at me som organisasjon har vore usikre på korleis me på ein fornuftig måte burde fylgja opp den intensjonen som ligg nedfelt i Utdanningsdokumentet. Dette har hatt konsekvensar blant anna i høve strategiar for regulering og offentleg legitimering. Ein føresetnad for å stå støtt i slike spørsmål, er å vita kven me er!
Definisjonsprosess
Det eksisterer mange tradisjonelle medisinske system verda over, som har ein omfattande filosofi og prinsipp for praksis. Dei mest kjende er Tradisjonell kinesisk medisin, Ayurvedisk medisin og Unani. Alle desse har på ein eller annan måte influert den naturmedisinske tradisjonen i Europa og Nord-Amerika i kombinasjon med det nye som har blitt skapt i desse regionane – blant anna gjennom det ein finn innan gresk filosofi, Hippokrates, Paracelsus, Hildegard von Bingen, Samuel Hahnemann osb. - og ikkje minst moderne vestleg medisin. Møtet mellom tradisjonell medisin/naturterapi og den kunnskapen som ligg nedfelt i moderne vestleg medisin og psykologi, har skapt eit behov for nye definisjonar og nemningar. American Association of Naturopathic
Physicians (AANP) var den fyrste fagorganisasjonen som tok denne utfordringa på alvor, og danna i 1986 ein komité der mandatet var å definera ein fellesnemnar ut ifrå denne nye erkjenninga. Dei brukte over tre år på å gå gjennom historiske data og ulike dokument, og intervju med over 1000 menneske.
Filosofi og prinsipp
Rapporten som blei framlagd, konkluderte med at, trass i ulike standardar for utdanning og regulering, var dei underliggjande røtene, teoriane og behandlingsstrategiane til naturterapien svært like verda over – uavhengig av terapiform. Alle byggjer på filosofiane om holisme og vitalisme, og som igjen blir styrt av sju grunnleggjande prinsipp: Fyrst og fremst, ikkje gjer skade (primum non nocere), Naturens lækjande kraft (vis medicatrix naturae), Behandle årsaka (tolle causam), Behandla heile menneske (tolle totum), Lege/terapeut som lærar (docere), Sjukdomsførebyggjing, Helsefremjande tiltak og Helse og velvære.
Rapporten fann også ut at terapiformene som blei brukte varierte, men at dei mest nytta er:
- Ernæringsterapi
- Rådgjeving om livsstil og førebyggjing
- Urtemedisin
- Homøopati – inkl. komplekshomøopati
- Tradisjonell kinesisk medisin/akupunktur
- Hygiene
- Vannterapi
- Massasje og manuelle teknikkar tilpassa nasjonale juridiksjonar
I fellesnemnaren ligg det også eit medvit om at menneske er kompleks, og at helse og sjukdom blir påverka av mange faktorar. I prosessen mot helse held det i dei fleste tilfelle ikkje berre med homøopatiske middel åleine eller nålestikk i utvalde akupunkturpunkt. Presidenten i World Naturopathic Federation, Iva Lloyd, uttrykkjer dette på ein god måte i eit intervju i Naturterapeuten:
- Det som gjer naturopati til eit medisinsk system, versus ein terapi, er at den har er ein tydeleg undersøking- og vurderingsprosess og der den terapeutiske tilnærminga er basert på den naturopatiske diagnosen. Ei naturopatisk vurdering er personsentrert med fokus på ikkje berre dei psykologiske, funksjonelle og strukturelle aspekta til ein person, men på miljøet, innverknaden livsstilen har på helsa, verknaden av relasjonar, hobbyar, aktivitetar og til og med produkt dei bruker personleg og i heimen.
Ei slik tilnærming, har også tangeringar i høve det ein på engelsk ville kalla Whole Medical System.
Frå naturterapi til naturopati
Internasjonalt går tendensen mot at naturopat og naturopati blir den dominerande termen, både som profesjonell yrkestittel, men også som berar og formidlar av eit felles filosofisk grunnlag med dertil høyrande prinsipp som nemnt ovanfor.
I Europa har termen naturopati ofte vore knyta til berre ernæring og rådgjeving om livsstil, og nærast vore reinska for at den også integrerer mange ulike terapiformer.
Arbeidet som World Naturopathic Federation har gjort, har endra kva innhald ein i framtida kan knyta til denne termen. Aromaterapien, homøopatien, urtemedisinen, akupunkturen, refleksologien osb. er ein del av naturopatien!
Som organisasjon, er det både viktig og naturleg at me framover har ein god dialog internt om både namn/term og innhald i utdanningane. Strategiutvalet i NNH har starta arbeidet med revidering av vårt Utdanningsdokument. Dette vil danna grunnlaget for dei avgjerd landsmøtet må ta stilling til.
Autorisasjonstrategiar/regulering
Ei slik erkjenning, styrkar også det som er vedtatt i Strategisk handlingsplan:
- Arbeida for eit felles grunnstudium innan den naturmedisinske tradisjonen med både basisfag og terapifag og som har gode føresetnadar for vidare spesialisering, liknande den strukturen ein finn innan offentleg helseutdanningar. Dette kan seinare danna eit grunnlag for autorisasjon og spesialistordningar.
Handlingsplanen konkluderer også at NNH ynskjer å arbeida for autorisasjon av ein felles yrkestittel framfor autorisasjon av enkeltterapiformer. Arbeidet som World Naturopathic Federation har gjort og gjer, gjev oss internasjonal ryggdekking for at dette er eit fornuftig standpunkt i høve framtidig regulering.