Naturterapi som ein del av framtids-medisinen

John Petter Lindeland, leiar NNH

Det bles for tida ein vind over store delar av verda som prøver å så tvil om både innhaldet og sanningsgehalten i den naturterapeutiske filosofien og tilhøyrande prinsipp. Denne vinden, eller  skepsisen, blir ofte målbore av aktørar som har ein agenda basert på enten eit vitskapsreligiøs1) fundament eller politisk ideologi. Alt som ikkje kan målast innanfor det evidensbaserte paradigmet, blir fasa ut som humbug. Denne vinden har også kome til landet vårt, og blant anna feia innom fleire partikontor og skapt kastevindar i diverse stortingskorridorar.