Erfaringsrikt møte med den globale naturterapeutiske behandlingstradisjonen

Deltakere på WNFs samarbeidsmøter og generalforsamling i Genéve 2023

NNH var sterkt representert på World Naturopathic Federation (WNF) sine arbeidsmøter og generalforsamling i Genève 13.-16. september 2023 – med både nestleiar Jarle Botnen og styreleiar John Petter Lindeland. Mange nye nettverk er etablert i Brasil, USA, Canada, fleire land i Europa og Afrika, Australia og Danmark.

Naturterapi som ein del av framtids-medisinen

John Petter Lindeland, leiar NNH

Det bles for tida ein vind over store delar av verda som prøver å så tvil om både innhaldet og sanningsgehalten i den naturterapeutiske filosofien og tilhøyrande prinsipp. Denne vinden, eller  skepsisen, blir ofte målbore av aktørar som har ein agenda basert på enten eit vitskapsreligiøs1) fundament eller politisk ideologi. Alt som ikkje kan målast innanfor det evidensbaserte paradigmet, blir fasa ut som humbug. Denne vinden har også kome til landet vårt, og blant anna feia innom fleire partikontor og skapt kastevindar i diverse stortingskorridorar.