
Slutt med marginalisering av den naturmedisinske behandlingstradisjonen!
NNHs styreleiar med oppmoding til norske helsepolitikarar
I samband med behandling av statsbudsjettet for 2019, la Arbeiderpartiet fram forslag om å innføra meirverdiavgift på alternativ behandling. Dei meinte av dette ville føra til 180 mill. nye inntekter for staten, som blant anna skal brukast til å styrkja fastlegeordninga. Med seg på forslaget fekk dei SV. Under voteringa fekk dei også Rødt sin stemme.
Argument og analyse
I innstillinga argumenterer Arbeiderpartiet med at ein i helsebudsjetta må gjennomføra strenge prioriteringar og nytta pengane der ein får mest mogleg att for løyvingane. Det er få som kan vera usamde i ei slik vurdering. Kva grunnlag dei har for å tru eller meina at mva. på alternativ behandling vil generera ei inntekt på 180 mill. kroner, er uvisst. Truleg har dei lånt argumenta frå nettavisa Fri tanke (Human Etisk Forbund) og Foreningen Skepsis. Agendaen for desse to aktørane er i størst mogleg grad å svartmala den naturmedisinske tradisjonen, og samstundes påverka politikarar til ei svekking av rammevilkåra – som t.d. mva-fritaket knyta til registeret for utøvarar av alternativ behandling.
Endå meir uvisse knyter det seg til kva nettogevinsten for eit eventuelt mva-påslag på alternativ behandling vil bli for den totale helserekneskapen. Med mørke solbriller og eit einsidig negativ fokus, er slike kalkylar sjølvsagt lite interessante for vitskapsreligiøse fantastar. For eit ansvarleg politisk parti, må ein kunne venta noko anna.
I fylgje undersøkingar utført av Statistisk sentralbyrå og NIFAB, nyttar om lag 1 mill. av innbyggjarane i Norge naturmedisin/alternativ behandling jamleg. Omfanget har vore rimeleg stabilt over mange år. Det er grunn til å hevda at ein slik eigenaktivitet avlastar det offentlege helsevesenet, og ikkje motsett. Både omfang, tilbakemeldingar frå både pasientar og terapeutar stadfestar dette. Å belasta pasientar økonomisk ved at det igjen blir innført mva. på slike tenester, vil etter vår meining ikkje føra til innsparing på offentlege budsjett. Tiltaket vil bli oppfatta som usosialt, og føra til at svake grupper vil ha endå mindre høve til å bruka slike behandlingstilbod. Samstundes meiner NNH at meirverdiavgifta bør brukast som eit styringsverktøy for profesjonalisering av bransjen. Berre terapeutar med tilstrekkeleg kompetanse, bør nyta godt av eit slikt fritak – jfr. tidlegare pressemelding.
Forsking og dokumentasjon
Eit anna argument frå Arbeiderpartiet og enkeltrepresentantar frå andre parti, er at dei som ansvarleg helsepolitikarar må ha fokus på det dei kallar for den evidensbaserte medisinen. Alle tilnærmingar som fell utanfor denne definisjonen, bør ha liten prioritet og merksemd – og i alle fall ikkje nyta nokon støtte eller privilegium frå offentleg side.
Som eg har skrive mange gonger før: om ein skulle leggja eit slikt perspektiv til grunn for måten ein handterer den naturmedisinske tradisjonen på, vil milliardar av løyvde helsekroner innan offentleg godkjende helsetilbod liggja dårleg an i komande budsjett. Det same ville gjelda for autorisasjon av fleire eksisterande fagprofesjonar. Det er ein myte at offentleg behandlingspraksis kviler på overveldande gullstandard-dokumentasjon. Om ein i tillegg tek med kostnadane til legemiddelskadar, blir perspektivet endå meir rufsete og ulogisk.
Oppmodinga mi blir: slutt med å marginalisera den naturmedisinske behandlingstradisjonen ved å bruka manglande forsking og dokumentasjon som kronargument. Om den naturmedisinske tradisjonen ikkje har eit tilfredsstillande dokumentasjonsnivå - på lik linje med fleire andre autoriserte helseprofesjonar - er den ikkje kunnskapslaus! Det er ein rimeleg grad av aksept også innan offentleg medisin at effekt av ulike intervensjonar på individnivå, ikkje er til hinder for at ein tek dette i bruk i ein klinisk kvardag – sjølv om forskinga ikkje er overtydande på gruppenivå. Og forsking på totalpakkar av behandlingsval er stort sett ikkje utforska i det hele tatt på gruppenivå – noko som ofte kjenneteiknar naturmedisinsk praksis.
Indoktrinert
Det kan synast som om dagens helsepolitikarar nærast er indoktrinert med eit forenkla bilde på kva som er realitet og status når det gjeld forsking og dokumentasjon. Mange er nok ikkje klar over at dei kvart år er med på å bruka store offentlege midlar på intervensjonar som beviseleg har marginal effekt. Det kan også sjå ut som om dei ikkje er klar over at det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet.
Når dei i tillegg blir påverka av skeptikarpropagandaen sine generelle karakteristikkar, er det kanskje ikkje rart at gangsynet blir svekka.
Motkulturelle rammevilkår
Eg skulle ynskje at helsepolitikarane såg nytten i at motkulturelle aktørar kan utfordra tunge kolossar som A/S Helsenorge. Dei motkulturelle understraumane har krefter i seg som gong på gong har vist seg å vera sterke nok til å forandra viktige samfunnsfunksjonar eller måtar å tenkja på. Men desse understraumane må vera styrt av ein indre fridom som ikkje er knyta opp til at kompromisset mellom økonomi, vitskap og politikk blir presentert som sanning – slik ein ofte ser det i offentleg forvaltning og i politikken. Eg trur både forvaltning og politisk nivå ikkje heilt anar omfanget og betydninga av dei helsefremjande tiltaka som kvar dag blir formidla i dei naturmedisinske konsultasjonane.
Det må vera rom for at det særeigne og det offentleg kollektive lever side om side som to kulturar - som gjensidig kan befrukta kvarandre gjennom at den eine får lov til å utvikla seg i fridom med levelege rammevilkår frå storsamfunnet. Og når det gjeld helse, skal alltid – på lik linje med den ein finn innan den offentlege medisinen – fundamentet vera: ein kjærleg omsorg for dei er som er ramma av helseplager. Dei skal møtast med respekt og relevant kompetanse.
Meirverdi og registeret
Den seriøse og godt utdanna delen av den naturmedisinske tradisjonen, har gjennom mange år prøvd å kommunisere kva slags tiltak me treng for å utvikla feltet: leveleg økonomiske rammevilkår og endring av registerforskrifta som gjev motivasjon til solide utdanningar og dermed auka profesjonalitet. For politikarane er det berre å lesa eigne dokument som dei har vore med å vedta, t.d. gjennom Ot.pr. nr. 27:
«Samtidig er det ønskelig fra myndighetenes side å kunne gi styringssignaler og incitamenter til utøverorganisasjonene, samt bidra til at utøverorganisasjonene selv driver frem en ønsket utvikling. Det gjelder på en rekke områder, for eksempel innen forskning, fagutvikling, utdanning - og organisasjonsutvikling. Videre ser departementet behovet for at en mer samlet bransje driver en helhetlig politikk- og fagutvikling på feltet, både internt blant alternative behandleres organisasjoner og eksternt ovenfor befolkningen og myndighetene.»
Signala frå både Arbeiderpartiet og Høgre, tyder på motsette styringssignal og incitament av det som er nemnt her. Det er også i denne samanhengen svært skuffande å lesa statssekretær Anne Grethe Erlandsen (Høgre) sitt avslagsbrev til SABORG om etablering av eit offentleg utvalg som kan vurdera innføring av offentlege fagkrav til registeret. Ikkje eit ord er nemnt i høve incitamenta i sitatet ovanfor. Det er ei vidareføring av den unnfalne linja som NNH tidlegare har kritisert.
Splid og hersk
I Arbeiderpartiet sitt forslag, er det eit avsnitt som fleire burde leggja merke til: «at det kan være yrkesgrupper som i dag er oppført i det frivillige registeret for alternativ behandling, som kan anses å drive omsetning av helsetjenester. En oppheving av momsfritaket bør derfor ledsages av en gjennomgang av registerets medlemsorganisasjoner for å se om noen burde fortsette å ha fritak for merverdiavgift.»
Dette lukta gamal hersk- og splidtaktikk, på lik linje med det Arbeiderpartiet gjorde sist gong dei innførte mva. på alternativ behandling. I seine nattetimar gav dåverande finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen mva-fritak til berre homøopati og akupunktur, utan nokon spesiell grunngjeving. Sektoren må arbeida aktiv for at ikkje slike tilfeldige og uprofesjonelle vedtak skal få ny renessanse.
Relaterte dokumenter og artikler: