Slutt med marginalisering av den naturmedisinske behandlingstradisjonen!

Den seriøse og godt utdanna delen av den naturmedisinske tradisjonen, har gjennom mange år prøvd å kommunisere kva slags tiltak me treng for å utvikla feltet: leveleg økonomiske rammevilkår og endring av registerforskrifta som gjev motivasjon til solide utdanningar og dermed auka profesjonalitet.

I fylgje undersøkingar utført av Statistisk sentralbyrå og NIFAB, nyttar om lag 1 mill. av innbyggjarane i Norge naturmedisin/alternativ behandling jamleg. Omfanget har vore rimeleg stabilt over mange år. Det er grunn til å hevda at ein slik eigenaktivitet avlastar det offentlege helsevesenet, og ikkje motsett.