Alternativ behandling og meirverdiavgift – april 2018
Oslo 27. april 2018
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) er kjent med at det går føre seg ein debatt om meirverdiavgift eller ikkje knyta til naturmedisin og alternativ behandling – sist på Dagsnytt atten 25. april. Polariseringa i debatten viser at behovet for nyansering er nødvendig.
Registeret og meirverdiavgift
Litt historikk. Finansdepartementet gjorde i 2008 vedtak om at alle terapeutar som er registrert i Registeret for utøvarar av alternativ behandling har fritak frå meirverdiavgift på sine tenester, gjeldande frå 1. jan. 2009. Regelen gjeld også autorisert helsepersonell som tilbyr slike tenester, utan at desse treng stå i nemnde register. Inntil denne datoen var det berre enkelte terapifag som hadde fritak.
NNH har heilt sidan dette vedtaket blei gjort gjeldande, vore kritisk til at det samstundes ikkje blei knyta offentlege fagkrav til å vera med i register. Helseforvaltninga kunne brukt dette som eit styringsverktøy for både å styrka fagkompetansen og pasienttryggleiken, eit mål som er tydeleg formulert i Ot.pr. nr. 27 Om lov om alternativ behandling. Slik registeret fungerer i dag, bryt dette med det som blir oppfatta som vanleg standard innan arbeids/samfunnsliv: ulike rettar/privilegium – løn, tittel osb. – blir tildelt dei som kan visa til eller dokumentera ein forventa innsats i form av utdanning, arbeidstid osb. Dagens reguleringsregime svekkjer motivasjonen til å ta lengre utdanningar, når ein veit at terapeutar med nokre weekend-kurs får dei same rettane: mva-fritak og offentleg tittel Registert terapeut. Offentleg «subsidiering» av uforsvarleg kunnskapsnivå er ingen tent med – og er ein fare for pasienttryggleiken.
NNH meiner at tida er mogen for ei evaluering av Lov om alternativ behandling med forskrifter, og ynskjer at det bli sett ned eit breitt samansett utval som kjem med ei innstilling overfor Helsedepartementet og Stortinget. NNH har fått drahjelp i frå blant anna Forbukartilsynet og NAFKAM når det gjeld forslag til endring av registerforskrifta.
Dokumentasjon og forsking
I ordskiftet har dokumentasjon på effekt vore framheva som avgrensingskriterium for mva-fritak. Om dette skulle bli lagt til grunn for alle helsefagaktørar her i landet, ville det vera fleire autoriserte helsepersonellgrupper som ligg dårleg an. Om ein les helsepolitisk historie, finn ein raskt ut at autorisasjon av fleire nåverande helsepersonellgrupper ikkje blei gjort på grunnlag av overveldande dokumentasjon når det gjeld effekt. Sanninga er heller at det blei gjort av omsyn til eit behov i helsevesenet og samfunnet; eit behov legane ikkje kunne dekka gjennom sin kompetanse.
Det er også ei kjent sak at legar i liten grad baserer sine behandlingar på randomiserte kliniske studiar, men på klinisk erfaring.
Rettstryggleik
I ordskiftet blei det også skapt eit inntrykk av at pasientar som brukar naturmedisin og alternativ behandling, nærast er rettslause ved eventuell skade og liknande. Dette stemmer ikkje. I registerforskrifta er eit av vilkåra at alle skal ha ansvarsforsikring og organisasjonane organ for klagebehandling.
Økonomi
I fylgje undersøkingar utført av Statistisk sentralbyrå og NIFAB, nyttar om lag 1 mill. av innbyggjarane i Norge denne medisinske tradisjonen jamleg. NNH meiner at eit slikt omfang har positiv innverknad på generell folkehelse, og avlastar det offentlege helsevesenet.
- Vi viser også til pressemelding frå 2014 om det same emnet
Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon
For meir informasjon, ta kontakt med
NNH-leiar John Petter Lindeland
leiar@nnh.no
Mobil 948 90 152
Generalsekretær Lidia Ivanova Myhre
org@nnh.no
Mobil 468 24 840