
Erfaringsrikt møte med den globale naturterapeutiske behandlingstradisjonen
NNH var sterkt representert på World Naturopathic Federation (WNF) sine arbeidsmøter og generalforsamling i Genève 13.-16. september - med både nestleiar Jarle Botnen og styreleiar John Petter Lindeland. Mange nye nettverk er etablert i Brasil, USA, Canada, fleire land i Europa og Afrika, Australia og Danmark.
Dette er eit stor aktivum for NNH sitt framtidige arbeid. Dei ulike landa og regionane representerer ein omfattande kunnskap om både regulering og fagkunnskap innan mange ulike terapiformer. Fleire utdanningsinstitusjonar var også representert, noko som etter kvart kan skapa verdifulle nettverk for norske aktørar innan dette feltet.
Regulering
Etter som den sveitsiske organisasjonen - Swiss Association of Naturopaths with
Federal Diploma (SANFD) - var vert, fekk me også ei innføring i kva som har skjedd der dei siste åra. Som kjent har fleire kantonar i Sveits gjeve autorisasjon til den naturopatiske profesjonen som omhandlar ulike fag; TCM, tradisjonell europeisk medisin, homøopati og ayurvedisk medisin.
I fleire statar i USA og Canada er profesjonstittelen Naturopathic doctor regulert med liknande rettar som primærlegar. Australia har også eit høgt profesjonelt nivå, med utdanningar på universitetsnivå. I fråvær av lovpålagde reguleringar, har det blitt etablert ein uavhengig sjølvregulerande instans som speglar standardane for offentlege reguleringar. Dei naturterapeutiske/naturopatiske organisasjonane er også aktive innan eigenregulering, noko som blir gjort tydeleg gjennom praksisstandardane som er beskrive på ARONAH-nettstaden.
"Mange nye nettverk er etablert i Brasil, USA, Canada, fleire land i Europa og Afrika, Australia og Danmark"
Professor ved Southern Cross University, Jon Wardle, påpeika i ein replikk at ein i reguleringsdiskursen kanskje har hatt for mykje fokus på retten for terapeutar til å driva, i staden for retten folket bør ha til å velja behandlingsform.

Arbeidsgruppene var gode arenaer for utveksling av informasjon
Forsking
Hovudfokuset i arbeidsmøtene var utdanning og forsking. Når det gjeld forsking, er det mykje god kompetanse på høgt nivå innan WNF - noko det omfattande HTA-dokumentet er eit godt døme på. Det blei under arbeidsmøtene likevel poengtert at ikkje alle treng forskingskompetanse for å vera eit ledd i forskingsarbeid. Klinikaren, i lag med organisasjonane, er viktige element i dette arbeidet, og kan levera verdifulle bidrag og innspel til forskingstema.
"Det blei under arbeidsmøtene poengtert at ikkje alle treng forskingskompetanse for å vera eit ledd i forskingsarbeid"
Det blei under gruppearbeida nemnt at også leverandørindustrien kan vera ein viktigare aktør enn det er nå. Sjølv om dei er oppteken av sal og kommersiell drift, leverer dei produkt som tangerer naturterapeutiske prinsipp når ein brukar dette i ein personsentrert kontekst.
Utdanning
WNF har gjennom sitt dokument Naturopathic Educational Program Guide skissert visjonar for framtidig utdanning. Basert på grundig analyse av globale utdanningsprogram innan naturterapi/naturopati, er det to hovudtypar utdanningsprogram som veks globalt. Det er doktornivået (naturopatisk lege) med opplæring på over 4 000 timar, som akkurat nå utgjer 52% av alle program, og opplæringsprogramma til eit terapeutisk utøvarnivå på 2 500 timar. Uansett nivå, bør alle utdanningsprogramma innehalda følgjande seks læringsmodular:
- naturmedisinsk historie, filosofiar, prinsipp og teoriar
- moderne grunnmedisin
- naturmedisinske terapeutiske metodar, praksisar og behandlingar
- lærarstyrt klinisk praksis
- etikk og forretningspraksis
- forsking

Dr. Pradeep Kumar Dua (WHO) og John Petter Lindeland (NNH)
WHO
Møtet fekk også besøk av ein entusiastisk representant frå WHO, Dr. Pradeep Kumar Dua - som har hovudkontor i Genève. WNF har ein god posisjon i høve WHO, og er blitt spurt om å vera bidragsytar til neste revisjon av dokumentet Traditional medicine strategy. Dr. Dua understreka det viktige arbeidet som den naturmedisinske tradisjonen gjer i høve førebyggjande helsearbeid, og at dette har lange tradisjonar – blant anna i hans heimland India. Han nemnde at Gandhi var ein varm tilhengar av tradisjonell medisin.
Forskingsdag i Lausanne
Den siste dagen i Sveits var i Lausanne, ein 45 minutts togtur frå Genève.
Det var forsking som stod på dagsorden i dei flotte lokala til Ecole Professionnelle supérieure de Naturopathie. Dette er ein undervisningsinstitusjon som tilfredsstillar krava til sveitsisk autorisasjon med over 4 000 undervisningstimar - i alle fire disiplinar som ein kan velja - tradisjonell europeisk medisin, TCM, ajurvedisk medisin og homøopati. Rektor er Julien Henzelin.
Av dei tretten foredraga som var på programmet denne dagen, har eg lyst til å trekkja fram to som gav særs viktige innspel til strategiar framover. Den fyrste er professor Jon Wardle ved Southern Cross University – National Centre for Naturopathic Medicine. Han hadde ei klar melding til både helsestyresmakter, men også til den naturterapeutiske sektoren sjølv: Menneske er komplekse/samansette adaptive system som lever i eit komplekst/samansett adaptivt system. For å koma framtidige helsebehov i møte, treng me komplekse/samansette og adaptive helsetenester. Naturopati er eit komplekst/samansett helsetenestesystem som treng adaptive/tilpassingsdyktige terapeutar.
I ein norsk kontekst, betyr dette at me treng eit utdanningsfokus framover som evnar å sjå inn i dette komplekse menneskelege landskapet og har verktøy og kompetanse til å møta det på ein profesjonell måte.
Professor Amie Steel hadde fokus på forskingsparadigme – litt i same gata som Jon Wardle. Det reduksjonistiske har lenge vore dominerande. Nå står det komplekse/samansette paradigmet for døra. Og nettopp innan naturterapi/naturopati er kompleksitet eit av kjernepunkta, både når det gjeld årsaksforhold og behandling. Alt heng saman med alt i ein kompleks heilskap. Dette vil kunne føra til større aksept i høve vitskapleg tilnærming framover. Ho var også oppteken av at tradisjonell kunnskap må integrerast og brukast i forsking på ein fornuftig måte. I ein studie (og her) viser ho at det er mogleg å undersøkja tradisjonelle filosofiar og prinsipp på ein vitskapleg og kritisk måte. Ein tilnærming basert på kompleksitetsvitskap kan tilby eit eigna vitskapleg paradigme for å utvikle vår forståing av tradisjonelle heile system innan medisin.




