To nye fagretningslinjer ferdige og vedtatt

Eg har ved fleire høve uttalt at NNH sine fagretningslinjer når det gjeld utdanning innan ulike fag, er kanskje organisasjonens viktigaste kapital. Dette er dokument som set ramme og skapar  kunnskap om kva kompetanse NNH skal krevja når det gjeld godkjenning av studieplanar, og til medlemskap for dei som ynskjer det. Slike rammeplanar er på mange måtar ei gåve som blir  overlevert neste generasjon, og skapar kunnskaps-kontinuitet framover.