NNH ferdig med fagdokument for soneterapi

Retningslinjene for utdanning i soneterapi er utarbeida med utgangspunkt i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram, og fagidentitetsdefinisjonen til Nordic Reflexology Network (NRN).
Læringsutbytteformuleringane er gjort med grunnlag i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Dokumentet er såleis ei tilpassing i forhold til det som er krav innan fagskuler og høgare utdanning. Så vidt me veit, eksisterer det ikkje liknande fagdokument om soneterapi i Europa. Dette er såleis eit nybrotsarbeid som NNH er stolt av, og som kan inspirera andre land og organisasjonar. NNH vonar at dokumentet skal føra til eit større medvit når det gjeld fagidentitet og vera med på å auke kompetansenivå og profesjonalisering. Fagretningslinjene i soneterapi dannar grunnlag for vurdering når det gjeld søknad om godkjenning av studieplanar i dette faget.
NNH har valt å laga separate fagretningslinjer i soneterapi og refleksologi, sjølv om desse to fagfelta har mykje samanfallande historie og faglege referansepunkt. Årsaka er ulike forklaringsmodellar og praktisk bruk av kroppsprojeksjonar som vanskeleg lar seg foreinast i eit felles dokument.
Fagdokumentet blir sendt til alle skuler som NNH har samarbeid med og elles til offentleg forvaltningsorgan. For andre interesserte, kan dei venda seg til NNHkontoret på e-post post@nnh.no eller telefon 456 50 980.




