Nasjonal strategi for persontilpassa medisin 2023–2030
Følgende innspill ble sendt til Helse- og omsorgsdepartementet 6. mars 2023.
Nasjonal strategi for persontilpassa medisin 2023–2030
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) viser til dokumentet som er lagt ut på regjeringa si nettside - Nasjonal strategi for persontilpasset medisin 2023–2030. NNH deler mange av regjeringa sine visjonar og målområde, slik dei er formulert i dokumentet. Mange er heilt i tråd med naturterapien sine prinsipp og verdiar i høve behandling og omsorg. Dessverre konstaterer me at naturterapi ikkje er nemnt med eit ord i denne samanhengen, trass i at vår behandlingstradisjon alltid har hatt fokus på heilskapstenking og persontilpassa tilnærming både når det gjeld diagnose og behandling.
Som fullverdig medlem av World Naturopathic Federation (WNF), gjev det nyleg publiserte HTAdokumentet Naturopathy - Practice, Effectiveness, Economics & Safety – eit godt innblikk i denne medisinske tradisjonen. (samandrag på norsk).
HTA-dokumentet har omfattande kapittel som omhandlar forsking.
Hovudprinsippa i naturopatien, kviler på sju fundament – og der fokuset nettopp er persontilpassa behandling:
- Fyrst og fremst, ikkje gjer skade (primum non nocere)
- Naturens lækjande kraft (vis medicatrix naturae)
- Behandle årsaka (tolle causam)
- Behandle heile menneske (tolle totum)
- Lege/terapeut som lærar (docere)
- Helsefremjing og sjukdomsførebygging
- Helse og velvære
Naturterapi/naturopati er pr. i dag ein del av det totale norske helsesystemet, regulert gjennom to hovudlover: Helsepersonellova og Lov om alternativ behandling av sykdommer. Fleire hundre tusen av den norske befolkninga nyttar seg av denne medisinske tradisjonen. Ei spørjeundersøking frå NAFKAM 2018 1), viser at 63% meinte dei hadde fått ein betre helsetilstand ved bruk av naturmedisin/alternativ behandling. Rapportering om forverring eller biverknadar var minimale. NNH tykkjer det er synd at regjeringa – ved Helse- og omsorgsdepartementet - ikkje har vurdert det som verdifullt å integrera naturterapi/naturopati i strategiar for persontilpassa medisin. Sidan me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike intervensjonar, er det viktig å ha eit mangfald i det terapeutiske feltet. Slike tilbod skal alltid vera styrt av sunne etiske haldningar og kunnskap, utført av terapeutar med god og adekvat utdanning. NNH har gjennom mange år arbeida med kvalitetsutvikling innan utdanning, og har stort fokus på pasienttryggleik gjennom jamlege kurs og utarbeiding av yrkesetiske retningsliner 2).
Departementet/regjeringa skapar ved ei slik neglisjering, eit kunstig skott mellom naturterapi/alternativ behandling og offisiell medisin som ikkje speglar røynda. Dei aller fleste har eit pragmatisk forhold til ulike helsetilbod og medisinske tradisjonar, og nyttar seg av det som ut ifrå erfaring har mest gunstig effekt. Som grunnlag for ei fornuftig implementering av andre medisinske tradisjonar, burde departementet/regjeringa ved utarbeiding av slike strategiar, i større grad nytta seg av den kunnskapsgenereringa som NAFKAM har skapt gjennom mange år. Gjennom WHO-dokumentet Traditional Medicine Strategy 2014-2023, er kvart land også oppmoda til vurdering av implementering.
Merknad til dokumentet
Både i samandraget og i punktet Hva er persontilpasset medisin?, kan det synast som om strategiane er nært knyta opp til det «biologiske menneske». Det er sjølvsagt viktig at kunnskapsgenereringa innan denne sida av medisinen blir prioritert, men dette må ikkje svekka det heilskaplege perspektivet om at mennesket si helse blir påverka av mange faktorar. I WNF sitt dokument - Terminology Document 3) – har dei prøvd å definera kva termen heilskap kan innebera i ein naturterapeutisk/naturopatisk praksis:
Å behandla heile menneske er eit omgrep som anerkjenner at dei strukturelle, funksjonelle, åndelege og psykologiske aspekta og vitaliteten til eit individ er ein del av ein uskiljeleg heilskap. Enkeltpersonar er òg forbundne og gjensidig avhengige av familie, samfunn og miljø. Dette konseptet er essensielt for personsentrert naturterapeutisk/naturopatisk praksis og er inkludert i naturterapeutisk/naturopatisk vurdering, diagnose og behandling.
Ytterlegare tankegods i denne retninga, kjem godt fram i artiklane Menneskets biologi - mettet med erfaring og Helbredende nytenkning – ført i pennen av samfunnsmedisinarane Linn Getz, Anne Lise Kirkengen m.fl. 4,5)
Det er også verdt å merka seg utsegnet: Persontilpasset medisin er høyteknologisk og spesialisert virksomhet hvor utviklingen skjer raskt, som er nemnt under pkt. 2 i Målområder. At persontilpassa medisin kan vera høgteknologisk, er det ingen tvil om. Det bør likevel ikkje bli gjeve eit inntrykk av at all persontilpassa medisinsk helsehjelp er/skal vera høgteknologisk. Bruk av lågteknologisk tilnærming bør kanskje heller vera fyrstevalet både når det gjeld behandling og førebyggjande tiltak – ettersom ein her har eit stort potensialet til å vurdera kva betydning livserfaring/sensitivitet vil ha for vidare strategiar.
Med helsing
John Petter Lindeland, styreleder NNH
Bente Wemundstad, daglig leder
Kjelder:
1. Rapport NAFKAM: Bruk av alternativ behandling i Norge 2018
2. Yrkesetiske retninglinjer NNH
3. HTA-dokument World Naturopathic Federation
4. Tidsskriftet Den Norske Legeforening (8. april 2011)
5. Afteneposten: Helbrendende nytenking (22.03.2009)