Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon

PRESSEMELDING: NNH støttar Forbrukarombudet sitt ynskje om revisjon av lover og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling – jfr. pressemelding i samband med møte med Helseministeren. Dette bør gjerast ved å setja ned eit breitt samansett utval som blant anna bør koma med forslag om standard fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse knyta opp til Registeret for utøvarar av alternativ behandling.