Plaga med smerter i ryggjen? Då bør du lesa denne boka

Førestillinga om at smerter i slike kroppsområde utelukkande er forårsaka av skadar, slitasje eller kvesting – er djupt forankra hjå dei fleste. Dette er forståeleg, ettersom mange opplever at problema starta i samband med ein aktivitet, eller at diagnostiske funn blir kommunisert til pasientar utan andre perspektiv enn at dette er synonymt med smerte. Dr. Sarno karakteriserer dette som ein medisinsk katastrofe, fordi det fører millionar av menneske inn i eit åtferdsmønster som er svært avgrensande.