
Plaga med smerter i ryggjen? Då bør du lesa denne boka
Dr. John E. Sarno
Healing back pain.
The mind-body connection
Grand Central Life & Style
ISBN 978-1-5387-1261-0
Dr. Sarno opnar boka si med fylgjande stadfesting:
«Eg har aldri opplevd ein pasient med smerter i nakke, skulder, rygg eller seteområdet som ikkje har trudd at dette skuldast ein skade – eller er påført av ein eller annan fysisk aktivitet».
KOLLEKTIV FØRESTILLING
Førestillinga om at smerter i slike kroppsområde utelukkande er forårsaka av skadar, slitasje eller kvesting – er djupt forankra hjå dei fleste. Dette er forståeleg, ettersom mange opplever at problema starta i samband med ein aktivitet, eller at diagnostiske funn blir kommunisert til pasientar utan andre perspektiv enn at dette er synonymt med smerte. Sarno karakteriserer dette som ein medisinsk katastrofe, fordi det fører millionar av menneske inn i eit åtferdsmønster som er svært avgrensande.
TEORI OG HYPOTESE
Gjennom sitt kliniske arbeid med pasientar, opplevde Sarno etter kvart ei aukande grad av uro i høve at han ikkje fann samsvar mellom smertemønster hjå pasientane og dei kliniske funna. Erfaringa av at tilliten eller trua på han som terapeut såg ut til å ha større effekt enn dei fysiske behandlingane som blei administrert, skapte også ein tanke om at smertene hadde eit psykosomatisk opphav – ettersom dei fleste av pasientane hadde ein historie knyta til ein slik manifestasjon relatert til andre plager. Han kalla teorien eller hypotesen Tension Myositis Syndrome (TMS) – seinare justert til Tension Myoneural Syndrome.
"Førestillinga om at smerter i slike kroppsområde utelukkande er forårsaka av skadar, slitasje eller kvesting – er djupt forankra hjå dei fleste."
Kort forklart, er TMS ein teori om korleis sinnet/hjernen og det umedvitne skapar smerter for å avleia eit menneske si merksemd bort frå ubehagelege og smertefulle emosjonar. Sinnet/hjernen prioriterer fysiske smerter framfor emosjonelle. Sjølv om dette er grunnlaget for teorien, er Sarno tydeleg på at ei kvalifisert klinisk vurdering alltids skal liggja i botnen i høve når ein kan og skal bruka dette perspektivet. Det diagnostiske arbeidet må eliminera om det kan liggja meir alvorlege tilstandar bakom ubehaga, til dømes tumor – eller strukturelle endringar som logisk tilseier smerter. Han åtvarar om at boka ikkje er meint som ein gaid til sjølv-diagnostisering.
LOKALISERING I KROPPEN
TMS kan oppstå i ulike kroppsvev, men er mest knyta til musklar og nervevev.
Hovudlokalisasjonane er nakke, rygg, setemuskel og skulder. Ettersom patofysiologien i høve TMS fører til minska blodstraum til det aktuelle vevet grunna kontraksjonar i blodkapillara, vil dette også kunne føra til perifere nervesmerter – lik det ein ser ved blant anna isjias.
DET AUTONOME NERVESYSTEMET OG TMS
Det autonome nervesystemet har som hovudoppgåve å kontrollera alle autonome prosessar i organismen, som til dømes hjarterytme, sekresjon frå kjertlar osb. I samband med situasjonar som enten kan vera stressande eller traumatiske, vil det autonome nervesystemet koordinera kva organ og organsystem som bør prioriterast for å oppnå mest mogleg effektiv utnytting av ressursane. Dette kan føra til enten auka hjartefrekvens, vasodilasjon av kranspulsårene, avslapping av den bronkiale muskulaturen, rask pust, perifer vasokonstriksjon, hepatisk glykogenolyse, hyperglykemi osb. Dette er forsvarsreaksjonar som skjer automatisk.
Ved TMS skjer det tilsynelatande ein unormal autonom aktivitet. Prosessen har inga brukeleg føremål i vanleg forstand, slik som ved stressituasjonar. Det unormale fører likevel til ubehag og smerter, sannsynlegvis som ein respons på eit psykologisk behov – jfr. det teoretiske grunnlaget for TMS.
OKSYGENMANGEL
Som nemnt tidlegare, vil ein autonom respons kunne omfatta kontrære dynamikkar – både auka blodstraum og det motsette. Ein meir langvarig ubehageleg og uløyst emosjonell tilstand, ser ut til å skapa redusert blodstraum til prioriterte vev og lokalitetar. Sarno sin teori er at
det er dårleg oksygenmetting som er hovudårsaka til smerter, grunna kontraksjon av dei små blodkapillara - og ikkje hovudsakleg stramme musklar, slik mange trur. Se Muscle tissue oxygen pressure in primary fibromyalgia + The truth about back pain.
Sarno referer til både klinisk praksis innan ulike terapitilnærmingar og forsking relatert til denne tilstanden. Både ultralyd og djup massasje gjev auka blodstraum og oksygen til vev, men berre temporært.
Forfattaren meiner også at fleire sjukdomskategoriar kan vera variantar av TMS: fibromyalgi, magesår, IBS, migrene osb. Når det gjeld fibromyalgi, er han si erfaring at mange av desse pasientane krev utvida psykoterapibehandling.

Foto: Pixabay
BEHANDLING
Sarno legg fram to hovudpillarar som behandlinga byggjer på:
- Tileigning av kunnskap når det gjeld patofysiologien som ligg til grunn for TMS.
- Evna til å handla i samsvar med kunnskapen og dermed endra hjernen/sinnet sitt handlingsmønster.
Grunnlaget for å gå inn på eit slikt behandlingsopplegg er, som nemnt tidlegare, at det er blitt gjort ein elimineringsdiagnose. Pasientane blir då oppmoda til å skifta fokus mot psykologiske forklaringar i møte med smerta: noko som bekymrar dei, vedvarande familie- eller økonomiske problem, forhold som irriterer. Eit slik fokus, vil føra til at hjernen - eller dei umedvitne/ubevisste laga av sinnet - etter kvart blir avleia til å skapa smerter. Dette vil ta tid, vanlegvis frå to til seks veker. For om lag 95 % av pasientane vil eit slikt behandlingsopplegg vera tilstrekkeleg for å oppnå eit godt resultat. Dei siste prosentane har behov for meir profesjonell psykoterapeutisk behandling og lengre behandlingstid. Ofte kan det dreia seg om overgrepsproblematikk. Han nemner i litt poetiske vendingar, at om ein erstattar nemninga det umedvitne sinnet til «hjarta», blir det meir forståeleg. Det medvitne sinnet har evne til å gripa og akseptera raske endringar. Det umedvitne er sein til å akseptera nye endringar, som utan tvil er ein god ting. Dersom det ikkje var slik, ville menneske vera rimeleg ustabile vesen.
"Sinnet/hjernen prioriterer fysiske smerter framfor emosjonelle."
FYSISK AKTIVITET OG GODE RÅD
Den andre store utfordringa i behandlingsopplegget ved TMS, er å snu den meir eller mindre indoktrinerte haldninga om at fysisk aktivitet er farleg. Dette har sjølvsagt med at dei fleste legar/terapeutar meiner at ryggsmerter hovudsakleg har strukturell årsak. Gode råd om den rette måten å bøya på, sitja, løfta, stå, liggja i senga, hard eller mjuk madrass osb., har også har blitt ein industri av velmeinte råd og utstyr. Diverse behandlingstilbod er i same gata: manipulasjon, kiropraktikk, varme, korsett, massasje, trening, akupunktur – og andre alternativ medisinske tilnærmingar. Dei fleste av desse vil berre gje temporær effekt, fordi dei ikkje fokuserer på årsaka til smertene.
AKSEPT AV KJENSLER OG LIVET
Det er spesielt to kjensler eller emosjonelle tilstandar som går igjen: angst/bekymringar og irritasjon/sinne. Ein annan årsak kan vera stress, eller ein kombinasjon av desse faktorane. Ofte er TMS knyta til menneske som er ambisiøse, dyktige, samvitsfulle og som både er kritiske og forlangar meir av seg sjølv enn omverda rundt dei. Om dette er kombinert med låg sjølvkjensle, vil dette kunne føra til at ein overkompenserer ved å arbeida endå hardare – eller skapar ei framtoning som ikkje samsvarer med kven ein eigentleg er eller vil vera.
Å bli medvitne om både årsak og sin eigen personlegdom, krev at ein aksepterer ei slik vurdering. Mange vil i byrjinga stritta i mot. Mykje av årsaka er at både kjensler og personlegdom er umedvitne tilstandar, som ein enten ikkje vil ta tak i eller erkjenna. Andre årsaker kan vera kulturelle. Å telja til ti før ein reagerer, kan absolutt vera ein god eigenskap. Men å telja til tusen, eller gjera dette om til dagar eller år, kan få utilsikta negative konsekvensar seinare i livet.
"Ved TMS skjer det tilsynelatande ein unormal autonom aktivitet."
Ofte kan aksept av at ting er som dei er, vera forløysande for mange. Det same gjeld overfor både kjensler ein har, og for sin eigen personlegdom. Slik sett handlar behandlingsprogrammet ikkje så mykje om å endra denne statusen, men å akseptera dei umedvitne kjenslene og den personlegdomen ein har.
TRANSLOKALISASJON
Ikkje heilt ukjent erfaring innan naturterapeutisk forståing av sjukdomsutvikling, peikar også Sarno på faren med å behandla slike tilstandar utan å finna årsaka til plaga. Moderne behandlingsmetodar kan vera effektive, og gjer at dette ofte er fyrstevalet til både lege/terapeut og pasient. Kliniske erfaringar viser at resultatet av slike intervensjonar – enten medikamentelt eller kirurgisk – kan føra til at det umedvitne finn andre lokalitet å manifestera ubalansen på.
TRADISJONELLE DIAGNOSAR OG BEHANDLING
Dr. Sarno tek for seg ei rekkje diagnosar og tilstandar som kan føra til smerter i rygg eller andre lokalitet. Etter han si erfaring, og understøtta av ein del forsking, gjev dei fleste strukturelle anormale endringar ikkje automatisk opphav til smerte. Smerter oppstår når det i tillegg
føreligg ein TMS-tilstand.
Som tidlegare nemnt, er det opp gjennom tidene blitt etablert ein betydeleg industri av velmeinte råd, behandling og utstyr i høve desse diagnosane. Sarno meiner at dei fleste gjev temporær lindring, og kan difor karakteriserast som placebo. At han sin metode er blitt karakterisert av nokre som det same, avfeiar han med fylgjande argument: placebo er basert på blind tru, medan TMS er eit utdanningsprogram der tilfriskning avheng av informasjon, bevisstgjering og aktiv deltaking. Innan etablert medisin, er det vel heller ikkje nokon som karakteriserer kognitiv terapi som placebo. TSM tangerer nok ein del prinsipp innan denne terapiforma.
"Å bli medvitne om både årsak og sin eigen personlegdom, krev at ein aksepterer ei slik vurdering."
KROPP OG SINN
For Dr. Sarno er framtidig forsking når det gjeld forholdet mellom kropp og sinn/hjerne, eit felt som har stort potensiale i behandling av ei rekkje lidingar. Også innan norsk medisin, er det nokre som ser dette potensialet. Professor i samfunnsmedisin Linn Getz med fleire, har i artikkelen Helbredende nytenkning frå 2009, formulert interessante tankar:
«Det som er nytt i dagens situasjon, er at kunnskapen om hvordan erfaring påvirker kroppen har eksplodert. Publikasjonene strømmer på fra prestisjetunge fagmiljøer forankret i avansert naturvitenskapelig metodologi. Det definerte skillet mellom sjel og kropp smuldrer hen, til fordel for en erkjennelse av at disse ikke bare henger sammen (i statistisk betydning), men hører sammen, de er samtidige fenomener. Dette må få konsekvenser for medisinen. Selv om dens avgrensing av kroppen som rent naturobjekt historisk har gitt mange suksesser, er paradigmet i dag til hinder for å forstå en rekke lidelser, så vel som ulike former for helbredelse.»
Sjølv opplevde Sarno liten interesse for sine kliniske erfaringar blant forskarar og helseforvaltninga i USA. Ein kan vona på at framtida vil koma han sine teoriar og erfaringar i møte. Klinisk erfaring frå ein aktør er sjølvsagt ikkje nok til endring av generell praksis, men burde gje grunnlag for ei forviten haldning – spesielt sidan slike lidingar har enorme samfunnsmessige og personlege kostnadar.
Sarno sine teoriar og hypotesar har også tangeringar mot naturterapeutiske prinsipp - slik som å tenkja heilskap, behandle årsaka, lege/terapeut som lærar og terapeutisk rekkefylgje. Å vera medviten om slike perspektiv og prinsipp, vil utvida vårt terapeutiske repertoar og spara mange for unødige lidingar.





