
Ynskjer å finna årsaka som ligg bakom diagnosen
Tove Riise Grastveit har i dag permisjon frå stillinga si som sjukepleiar i Stord kommune for å satsa fullt på å byggja opp ein biopatipraksis på Stord og ved Bergen Helhetsklinikk.
– Du har offentleg helsefagleg bakgrunn, blant anna som diabetessjukepleiar. Kva var årsaka til at du i tillegg har tatt utdanning i biopati?
– Den viktigaste grunnen er vel kanskje at eg ynskja å finna årsaka som ligg bakom diagnosen/symptoma. Eg meiner at alle bør få den hjelp og rettleiing dei treng for å kunne ha ei optimal helse, og at ein bør ha mykje meir fokus på å finna årsaka til sjukdom i staden for rein symptombehandling.
- Når eg jobba på sjukehus så godtar eg, og meiner det er rett der å ha fokus på, sjølve den diagnostiserte sjukdomen. Men når den er under kontroll og kanskje fjerna, så burde pasienten få innsyn og kunnskap om årsaksforholdet, slik at ein kanskje unngår å bli sjuk igjen eller utvikla andre sjukdomar/symptom.
Utdanningsbakgrunn
– Eg tok sjukepleiarutdanning i ein alder av 42 år, og var ferdig diabetes-sjukepleiar når eg var 48 år. Eg starta på mi biopat-utdanning i 2013 og var ferdig i 2017. Då var eg blitt 54 år. Før den tida, og etter ungdomskulen, tok eg eit år på handelskule. Deretter arbeidde eg fire år i ein gullsmedbutikk som personalmedarbeidar og ti år som husmor. Eg valte å være heima med mine to barn til minstemann var åtte år, før eg starta på mi lange utdanning. Fyrst blei det hotell- og næringsmiddelfag, industriell næringsmiddelproduksjon, og i tillegg generell studiekompetanse. Eg hadde då tenkt å bli bioingeniør, og måtte ta nokre fag på nettet slik at eg fekk spesiell studiekompetanse. Men i løpet av det året, tok valet ein annan veg. Eg hadde lenge vore interessert i naturmedisin og hadde prøvd litt forskjellig, men hadde veldig lyst til å lære meir. Tenkte likevel at det kanskje var lettare å arbeida som naturmedisinar om eg hadde bakgrunn som sjukepleiar. Slik blei det til at eg tok sjukepleiarutdanning fyrst. Den fyrste tida arbeidde eg mest på sjukehus, og er veldig glad for den erfaringa. Eg lika godt å arbeida med folk og strekte meg langt for å hjelpa dei på best mogleg måte.
- Det at vegen gjekk vidare til diabetessjukepleiar, heng nok saman med at eg hadde veldig interesse for kost og ernæring. Eg såg fort at det var enkelte livsstilssjukdomar, som t.d. diabetes 2, som etter mi meining ikkje blei ivaretatt på ein god måte. Det å endre livsstil krev meir enn eit tilsyn hos lege. Eg tenkte at det kunne vera ein god ide for kommunen å ha ein diabetessjukepleiar i staben, men slik blei det ikkje. Eg arbeidde difor berre som vanleg sjukepleiar i kommunen. Dette synes eg var veldig dumt, og tanken på å ta ein utdanning der eg kunne hjelpa personar som fell litt mellom to stolar i det offentlege helsevesenet, blei styrka. Dermed starta eg mi utdanning i iopati. Eg vurderte mange forskjellige utdanningar, men ein av grunnane til at eg valte biopati, var at Tunsberg Medisinske Skole hadde fått studiet godkjent som offentleg fagskule. Baktanken var også at med ein slik allsidig utdanningsbakgrunn, ville det bli lettare å samarbeida med t.d. legar, noko som pasientar ville tena på. Om det ikkje har gått slik, ser eg at all praksisen frå både frå sjukehus og kommunehelsetenesta, kjem godt med.
– Trur du at di tilnærming til pasientar hadde fortona seg annleis om du ikkje hadde hatt bakgrunn som sjukepleiar?
– Ja, absolutt. Men det er ikkje hjelp i tittelen om ein ikkje har opparbeida seg erfaring og klarer å ta det med i den naturterapeutiske behandlinga.
– Du nemner at du kunne tenkja deg eit tettare samarbeid med legar. Kva framstøyt har du gjort, og korleis har dette blitt mottatt?
– Eg har vel kanskje ikkje gjort så mykje for å koma i kontakt eller få samarbeid med legar. Men det er fleire som veit om meg, og mange av mine pasientar kommuniserer til legen sin at dei går til meg. På sikt har eg behov for å informera om kva eg kan hjelpa til med, særleg i høve type-2 diabetespasientar – og dei med IBS og IBD.
Anamnese og behandlingsstrategi
– Kan du fortelja litt om korleis du nærmar deg ein pasient, og kva som blir avgjerande for behandlingsstrategi.
– Når ein pasient har bestilt time hos meg, brukar eg å sende ut eit skjema som eg ber dei fylla ut og senda tilbake eit par dagar før den avtalte timen. Dette gjer eg for å få eit innblikk i sjukdomshistoria, og for at pasienten skal vera litt førebudd på kva eg kjem til å spørja om. På dette skjemaet er det spørsmål om kva problem ein har no og kva har ein hatt før, fordøying, søvn, aktivitetsnivå, kosthald osb. Når pasienten kjem til den avtalte tida, går me gjennom skjemaet.

Mørkefeltmikroskopiering er eit av analyseverktøya Grastveit nyttar seg av Foto: Svein Johannessen/NNH
- Eg bruker ein del diagnostisk utstyr som og kan sei noko om tilstanden her og no. Eg analyser både levende og koagulert blod, som kan fortelje meg litt om omfanget av sopp, parasittar, vitaminmangel, dårleg nedbryting av protein m.m. Eg bruker også Polysantest, som kan visa kva mikroorganismar kroppen har danna antistoff mot, irisanalyse og eit apparat som måler energien i meridianbanane. Ut frå alle desse testane, dannar eg meg ein meining om korleis behandlinga vidare blir.
– Korleis kommuniserer du desse funna til pasienten?
– Eg prøver å bruka eit språk som er så enkelt som mogleg, og vurderer kva som er viktigast til ei kvar tid å prata om. For mykje informasjon på ein gang kan lett skapa forvirring. Ofte, etter konsultasjonen, skriv eg e-post til pasienten og repeterer det me prata om. Dette gjer det også lettare for dei å formulera spørsmål til neste time. Elles stillar eg aldri diagnosar og eg har alltid full respekt for det som pasienten og legen er blitt samde om. Kanskje kan eg av og til koma med råd som dei kan diskutera med legen sin. Eg seier heller aldri at dei må stoppa med medisinar utan å ha diskutert det med legen sin. Samstundes informerer eg om interaksjonar mellom enkelte naturprodukt og legemidlar dei går på, og ber dei kommunisera dette til legen.
- Eg er veldig opptatt av at pasienten skal forstå litt korleis kroppen fungerer, kva den treng og kor lett det er å få den i ubalanse. Spesielt fordøyelseskanalen er eit organsystem som er opphav til mange plager og sjukdomar. Dei fleste treng å få innsyn i fysiologien her, og kva som skal til for at den fungerer optimalt – og ikkje berre forslag til diettar og produkt. Dei må på ein måte få ei forståing for den behandlingsstrategien eg har valt. Eg får mange tilbakemeldingar at det er kjekt og interessant å høyra på meg når eg fortel og eg merkar at pasientane er med på det eg pratar om. I mitt yrke som sjukepleiar og naturterapeut er det viktig å møta pasienten der dei er - og det er individuelt. Da blir informasjonen forstått betre. Det er også viktig å stilla kontrollspørsmål, slik at ein veit at dei har forstått det som er blitt formidla.
Behandling
– Behandlinga startar som regel med at eg tek soneterapi og øyreakupunktur, og stimulerer spesielt dei punkta/organområda som har størst utslag i høve anamnesen og analyseverktøya. Dette set i gang prosessar, som gjer at indre organ fungerer betre. I tillegg tilrår eg pasienten å endra kosthald som er individuelt tilpassa i
høve symptom og sjukdomshistorie. Eg tilrår også urtepreparat som kan stimulera lever, urinvegar, tarm pluss gode omega-3-produkt. Dei fleste merker at ting skjer til det betre når dei har gjort denne endringa. Ny time set eg opp om to veker.
- Ved neste time har eg utarbeida ein behandlingsplan som omfattar bruk av vitamin, mineral og eventuelt andre kosttilskot, om dette skulle vera nødvendig. Som biopat brukar eg også preparat frå Sanum-Kehlbeck i Tyskland. Dette er isopatiske preparat som «nøytraliserer» sjukdomsagentar og støttar avgiftningsorgan i kroppen.
- Klarer ein ikkje å komma i mål med desse tiltaka, tilrår eg både hårmineralanalyse og matintoleranse-test.
Kosthald
– Mange kosthaldsaktørar er oppteken av å fremja spesielle kosthaldsregimer. Kva er di tilnærming her? Ser du, eller har du erfart uheldige verknadar av slike råd?
– Eg er mest opptatt av at fordøyelsen skal verka og at ein har eit stabilt blodsukker. Då tilrår eg matvarer, urter og vitamin som støttar opp under dette. Elles prøver eg å kartleggja kva kosthald dei har i forhold til helseplagene og endrar på dei matvarer som kan forverre tilstanden – og tilrår matvarer som kan lindre eller fremja god helse. Eg er ikkje redd for feitt, men er opptatt av om ein klarer å bryta ned feittet på ein god måte. Kunstige søtstoff er eg skeptisk til, ettersom organismen blir stimulert til å produsera insulin om ein tek store mengder av det – noko som på sikt kan ha negative konsekvensar.
Yrke og legitimitet
– Kva råd har du til dei som ynskjer å gjera naturmedisin til eit yrke ein kan leva av?
– Marknadsføring er vel kanskje det viktigaste når det gjeld å nå ut til potensielle kundar/pasientar. Ein må finna ut kva som er behovet der ein har klinikken sin – dette gjeld særleg på små plassar. Vidare må ein skaffa seg ei god utdanning som blant anna tilfredsstiller krava i NNH. Samarbeid i ein felles klinikk kan vera ein fordel om det geografisk ligg til rette for det. Og sist men ikkje minst; hald deg fagleg oppdatert, ver seriøs, ver ein god lyttar og ha pasienten i fokus og ikkje ha i tankane at ein skal tena mest mogleg pengar på kvar pasient.
– Kva strategiar meiner du er viktigast for at naturmedisin skal få større legitimitet i samfunnet?
– Det viktigaste meiner eg er strenge krav til utdanning og kompetanse, slik at det er god kvalitet på det som naturterapeutar driv med. På den måten blir useriøse aktørar luka vekk. Ein bør også satsa på felles konferansar der både legar og naturterapeutar står for foredraga, slik at ein får innsikt og respekt for kvarandre sine behandlingsmetodar.




