SABORG med offensiv mot politiske partiar og styringsverk
Hovudagendaen for denne offensiven er å gjera SABORG kjent som legitimt kontaktorgan for det alternativ medisinske feltet.
I den vedtekne handlingsplanen til samanslutninga er det tre punkter som blir prioritert i desse samtalane:
- Arbeida for ei forskriftsendring som stillar formale fagkrav til terapeutar som ynskjer å registrera seg i det frivillige utøvarregisteret i Brønnøysund. Slik registeret fungerar i dag, er ordninga direkte undergravande i forhold til intensjonane om auka pasienttryggleik innan feltet. Det bør setjast ned eit breitt utval med representantar frå SABORG, NAFKAM og representantar frå styringsverket, der mandatet er ei evaluering av nemnde ordning og forslag som gjer at registeret blir oppfatta som legitimt og gjev tillit blant publikum/pasientar.
- Finansiering av eit felles klage-/ankeorgan for bransjen – Rådet for etikk innan alternativ behandling. Retningslinjer blei vedteken på representantskapsmøte 15. januar 2010.
SABORG har søkt om fullfinansiering av rådet til departementet, men fekk avslag. Grunngjevinga var at det førebels ikkje var midlar over statsbudsjettet til ei slik finansiering. - Få alle politiske parti til å setja naturmedisin/alternativ behandling på dagsorden gjennom sine politiske partiprogram, og at feltet også blir teke med i sentrale helsedokument og i nasjonale helseplanar. I dag er feltet mest fråverande i offentlege dokument. Det same gjeld i partiprogramma for fleire parti – t.d. Høgre og Arbeiderpartiet.

Per Gunnar Swahn (SABORG), stortingsrepresentant Sonja Irene Sjøli (H), Anne-Mette Eriksen (SABORG) og John Petter Lindeland (SABORG)
Fyrst ute i denne offensiven, var møte med stortingsrepresentant Sonja Irene Sjøli frå Høgre. Etter ei grundig orientering frå SABORG sine representantar, lova Sjøli å ta opp sakene som gjaldt registeret og ankeorganet i Stortingets spørjetime. Det vil også bli teke kontakt med programkomiteen til Høgre i denne samanhengen.
19.09.2012
Se artikler relatert til: