Naturterapeutisk terminologi som vegvisar for god praksis
WNF Terminology Document omsett til norsk
- - For kanskje mange, vil innhaldet i dette dokumentet vera sjølvsagt som grunnlag for ein naturterapeutisk praksis. Likevel trur eg at me gjer lurt i å av og til stoppa opp og tenkja medvite gjennom vår eigen praksis – uavhengig kva terapiform og metodar me nyttar. Dei omgrepa som her er definert, kan vera ein vegvisar og ei hjelp til å vurdera om me i kvardagen tek nok omsyn til dei prinsippa som naturterapien kviler på, seier styreleiar og seniorrådgjevar i NNH John Petter Lindeland.
Lindeland påpeikar vidare at slike språklege definisjonar også vil vera nyttige i samband med vår kommunikasjon med det offentlege helsevesenet og politisk nivå. Det vil også vera svært viktig i samband med byggjing av ein felles fagidentitet, noko som vil vera avgjerande for om naturterapien og dei mange terapifaga skal få ein auka legitimitet i samfunnet.
- Eg trur alle som les igjennom dette terminologiheftet, vil erfara at det har eit logisk språk med ein allmenngyldig karakter i høve helse og sjukdom.
Det er World Naturopathic Federation som i ein to-års periode har stått for utarbeiding av dokumentet, og der blant anna NNH har vore bidragsytar. No er dokumentet omsett til norsk, og NNH håper at både medlemmer, undervisningsinstitusjonar og andre vil ha nytte av det – og at det blir spreidd vidare til alle interesserte.
Dei norske omsetningane finn du under Naturterapeutisk terminologi
World Naturopathic Federation poengterer i sitt skriv til medlemsorganisasjonane:
- Dette dokumentet vil tena den naturterapeutiske tradisjonen gjennom å sikra identiteten til yrket ved å tydeleggjera definisjonen av sentrale naturterapeutiske termar som ligg til grunn for naturterapeutisk praksis. Det vil òg legga til rette for betre samarbeid mellom fagpersonar og andre helseprofesjonar – noko som spesielt WHO påpeikar er viktig.
Terminologiheftet er tufta på eit tidlegare dokument som omhandlar naturterapeutisk filosofi, prinsipp og teoriar. Desse dokumenta kompletterer kvarandre.
Den engelske versjonen til det omsette dokumentet finn du her
World Naturopathic Federation er fortida i gang med eit anna omfattande dokument som omhandlar naturterapeutisk historie, prinsipp, regulering, utdanning og praksis. I tillegg vil det også omhandla tema som tryggleik, effektivitet, kostnadar og forsking. Dokumenta fylgjer HTA-malen (Health TechnologyAassessment), som blir nytta både av styresmakter og WHO i samband med vurdering av eit yrke og kordan det kan samanliknast med andre helseprofesjonar. NNHs Fride Aasen og John Petter Lindeland har sagt seg viljug til å vera med å kvalitetssikra dokumentet.