Naturterapeutar med offensiv mot politiske parti og styringsverk
NNH skolerer Framstegspartiets fylkeslag i Nord-Trøndelag. SABORG møter Høgre, Arbeidarpartiet og Helse- og omsorgsdepartementet.
NNH skolerer Framstegspartiet
Primus motor for møtet har vore Elin Grindberg og fylkesleiar Einar Almaas. Møtet vart halden i Steinkjer, og fyrste talar var stortingsrepresentant Vigdis Giltun. Ho sit for tida i Arbeids– og sosialkomiteen for Framstegspartiet, men har også tidlegare vore medlem av Helse– og omsorgskomiteen. Giltun peika i sitt innleiingsforedrag på utfordringar som helsevesenet står overfor: høgare levealder og ei auka forventning om adekvat behandling skapar eit press som kan bli vanskeleg å innfri på lang sikt. Det må i sterkare grad satsast på førebyggande tiltak som reduserer behovet for behandling. Ho såg ikkje bort i frå at naturmedisin/alternativ behandling kan få ein plass i ein slik strategi, men dokumentert effekt må føreliggja om politikarane skal kunna vurdera bruken og omfanget.

Ernæringsterapeut Svanhild Snipstad, fylkesleiar i Nord-Trøndelag Frp Einar Almaas, Sigrun Kirkeberg NNH, akupunktør MNNH Mette Henning, John Petter Lindeland NNH og stortingsrepresentant Vigdis Giltun
Akupunktør MNNH Mette Henning gav ei innføring i sitt fag ved å ta utgangspunkt i fem-elementlova og meridiansystemet. Ho kom med døme på korleis denne forklaringsmodellen fungerar i praksis og faremoment dersom dette blir brukt av terapeutar som har lite eller mangelfull kunnskap. Deltakarane fekk eit godt innblikk i at akupunktur er eit fag som krev kompetanse om ein skal utnytta det terapeutiske potensialet. Vidare peika ho på etiske element i ein kvar terapeutisk situasjon: vis folkevett, opplys pasienten om behandlingsopplegget og send dei vidare til lege eller anna behandling som ligg utanfor din eigen fag/juridiske kompetanse.
Ernæringsterapeut Svanhild Snipstad sitt foredrag hadde tittelen Hvor viktig er maten? Ho gav eit historisk oversyn når det gjaldt kosthaldsutviklinga fram til det som er rådande i dag. Vår bruk av større mengder karbohydrat og ufordelaktige feittypar, kombinert med auka bruk av matsminke og andre tilsetningsstoff, har endra vårt næringsinntak ganske radikalt. Dette har resultert i ein relativ stor auke i livsstilsjukdomar, som ho meinte kunne vore unngått dersom me hadde teke omsyn til dei ernæringsmessige føresetnadane som ligg nedfelt i vårt genmateriale.
Ho kom med fleire døme på fornuftige kosthaldsplanar, med ei klar oppmoding om at kvar einskild må prøva ut kva som passar ein best. Ernæring er individuelt, men variasjon gjennom året og vektlegging av gode rådvarer er noko alle bør prioritera.
Generalsekretær i NNH Sigrun Kirkeberg gav ein presentasjon av Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon og historia bak samlinga av mange ulike forbund i ein sentral hovudorganisasjon. Ho gav også eit innblikk i det kvalitetssikringsarbeidet som NNH har vore ein forkjempar for i mange år, og som gjer at organisasjonen har legitimitet både blant publikum, politisk nivå og forvaltning.
Leiar i NNH John Petter Lindeland tok for seg politikkutviklinga frå Aarbakkeutvalet sin NOU-rapport, innføringa av ny lov om alternativ behandling gjennom Ot.pr. nr. 27 til nå-status, med spesiell vekt på det arbeidet som Saborg og medlemsorganisasjonane gjer når det gjeld profesjonalisering og kvalitetsutvikling av bransjen.
Prioriterte handlingsmål som endring av registerforskriftene med innføring av offentlege fagkrav og finansiering av eit felles klageorgan for bransjen blei nemnt. Vidare blei det gjeve innblikk i «det alternativmedisinske landskapet» gjennom presentasjon av ulike aktørar som er relevante i ein slik samanheng.
NNH sin visjon om eit «fleirhelsevesen» der ulike former for integrering er vurdert og der sidestilte profesjonar med kunnskap og respekt for kvarandre er sentrale element, blei presentert samstundes med ei oppmoding til politikarane om å sjå verdien av naturmedisin og alternativ behandling som ein nødvendig og fruktbar motkultur til etablert medisin.
Samfunnet og medisinen treng uavhengige aktørar som i fridom kan utvikla terapi eller vera kritiske til etablerte ordningar. Det er politikarane si oppgåve å laga gode rammevilkår for slike engasjement.
I oppsummeringa takka storingsrepresentant Vigdis Giltun for informative innspel som ho ville ta med seg vidare i sitt politiske arbeid.
Alle har eit ansvar for eiga helse, og ein kan i framtida ikkje forventa at alle førebyggjande tiltak skal få plass i dei offentleg helsebudsjetta. Likevel har det offentlege eit stort ansvar når det gjeld kunnskapsbasert helseinformasjon, noko som er svært viktig i ein førebyggjande kontekst.
Helsekronene må utnyttast effektivt og prioriterast dei som verkeleg treng det mest.
Møte med Arbeidarpartiet
- Endring av forskrifter for registeret for alternative behandlarar.
- Finansiering av eit felles klageorgan for bransjen.
- Partiprogram og alternativ medisin.
Representantane for Saborg, Per Gunnar Swahn og John Petter Lindeland, blei møtt av ein lyttande og interessert Sonja Mandt. Ho sit for tida i Helse-og omsorgskomiteen på Stortinget, og har interesse av å bli orientert om dette feltet. Etter orienteringa uttrykka ho bekymring for at utviklinga når det gjeld registeret for alternativ behandling, er med på å gje bransjen mindre legitimitet ved at skilje mellom dei seriøse og useriøse er utvatna. Mandt meinte at den nye stortingsmeldinga som omhandlar pasienttryggleik, ville vera ein naturleg arena for innspel i denne samanhengen, samstundes med at ho ville ta innspela våre med i komitéarbeidet.
Saborg vil senda innspel til programkomiteen i Arbeidarpartiet med forankring i prioriterte handlingsmål.
Relaterte artikler: