
Naturens og organismens tolegrense
Det er mykje som tyder på at vår menneskeskapte aktivitet her på jorda ikkje er berekraftig, og at naturen slår tilbake med usentimental kraft: raske klimaendringar som har uventa konsekvensar, auke i sjukdomstilstandar som har relevans til både livsstil og miljø, markant redusert sædkvalitet, sterk reduksjon i artsmangfald og pollinerande insekt, akkumulering av miljøgifter i ulike organismar – for å nemna nokre synlege teikn.
Kva sa eg?
Av og til kan ein bli freista til å ropa ut høgt: kva var det eg sa – eller kva var det me sa, alle oss som er fødd med ein kanskje ubevisst sensitivitet når det gjeld naturens og organismens tolegrense. Me har ropt i årevis: kanskje det hadde vore lurt å bruka naturlege fibrar i standen for mikrofiber av oljeprodukt, dyrka maten vår økologisk – eller tilnærma, ta vare på dyr og planter som har stadbundne kvalitet, bruka mindre antibiotika og heller nytta meir av kunnskapen som naturterapien sit på når det gjeld førebyggjande helsetiltak og behandling, gje tvil til den offentlege medisinen si forståing av at lidinga her og nå er sjukdomen, at den er lokal og avgrensa i tid – og at bruk av midlar/intervensjonar som primært motverkar eller dempar det lokale utslaget gjev betre helse på sikt, laga maten frå botnen av utan omfattande prosessering og bruk av konserveringsmiddel og andre tilsetningsstoff osb.
Stadfesting
Mest kvar dag kan eg nå lesa at forskinga og vitskapen stadfestar våre perspektiv og forståinga av kompleksiteten i naturen og organismen – og at alt heng saman med alt. Me kunne ha trengt nokre kloningar av Greta Tintin Eleonora Ernman Thunberg! Det får ikkje hjelpa at krediteringa og æra kjem andre til gode. Det viktigaste er at me får til eit paradigmeskifte som gjer at både natur og menneske finn tilbake til ein balanse som er berekraftig. Likevel, som Greta Thunberg, kan eg til tider blir forbanna og oppgitt av å bli neglisjert – spesielt av politikarar som ikkje har klart å orientera seg i andre retningar enn det dei har fått servert gjennom det offentlege kompromissverket av godt betalte helsebyråkratar og av skeptikarpropagandaen sine generelle karakteristikkar av den naturterapeutiske behandlingstradisjonen.
Eg trur ikkje våre rop har vore forgjeves. Dei har berre ikkje vore høge nok til å skapa kollektive endringar. Difor har kompromissløysingar blitt ein del av kvardagen – for oss alle. Den kollektive skulda må me alle bera.
Kompleksitet og terapi
Kompleksiteten når det gjeld årsaksforhold, set krav om at me ikkje bør ha einsidige fokus. Innanfor det terapeutiske feltet, vil dette handla om å ikkje ty til tabloide tendensar i behandling av kroniske tilstandar (både små og store), og som ofte kan føra til lettvinte løysingar der kvar og ein rir sine terapeutiske kjepphestar. Avhengig av terapiform, utdanning og terapeutisk fokus, vil terapeuten sjølvsagt fokusera på det som vedkomande har utvikla som sitt behandlingskonsept. Motivet for eit slikt fokus kan vera reint fagleg fundert, men kan i mange tilfelle også vera styrt av økonomiske vurderingar ut ifrå eit medvit om at raske konklusjonar framført med brei pensel gjev både makt og pondus og dermed ei sterkare lojalitetsbinding. Eg seier ikkje det er galt å tena pengar til sitt daglege brød, men eg trur det kan vera nyttig for bransjen å tenkja gjennom ein del etiske problemstillingar knyta opp til ein slik praksis.
Det me ikkje ser
Rekylen av miljøbelastningar me nå opplever, kan førast tilbake til den industrielle revolusjonen. Optimismen var utan grenser og motivasjonen var edel nok: menneske skulle fri seg frå naturens luner og gje gode liv utan sut for morgondagen.
Den digitale tida me nå lever i, postulerer også det grenselause når det gjeld kommunikasjonsnirvana og kva gleder dette vil gje. Skal me i denne rusen, oppleva det same som før: ei neglisjering av skadeeffekt knyta til ein slik aktivitet – fordi ingen politikar vågar å koma på kant med globale pengemaskinar?
Ropa er her, og dei er mange, men er det nokon som høyrer på dei sensitive og millionar av ungdom som har bytta ut den verkelege verda med den digitale/virtuelle og snur døgnet opp ned?
Aristoteles, Bacon og Decartes
Aristoteles fremja synet om at naturen utvikla seg ut i frå eit formål (formålsårsaker), og der kvar ting eller organisme hadde sin eigenverdi. Harmoni og balanse mellom dei ulike elementa var sentrale omgrep i filosofien hans.
Renessansemenneska Bacon og Decartes forkasta mykje av tankegodset hans, til fordel for eit meir reduksjonistisk syn på naturen og mennesket. Idealet var ikkje mennesket sin harmoni med kosmos, men dominans over naturen.
Naturen sitt usentimentale symptomspråk, tyder på at tida er inne til å laga ein syntese av Aristoteles og Bacon/Decartes sitt tankegods.
Sjå til naturterapien
Og vona er at helsepolitikarar skal innsjå at denne syntesen inneber at den seriøse delen av naturterapien blir ein del av det totale helsevesenet, med rimelege rammevilkår for den som har sitt yrke i denne behandlingstradisjonen.
Naturterapien har alltid vore her, og kjem alltid til å bli her! Bruk oss!!
Kjelder:
- Livsstilssykdommer [Norsk Helseinformatikk]
- Chemical pollutants in the home degrade fertility in both men and dogs, study finds [University of Nottingham]
- Forskere frykter katastrofal kollaps i naturens økosystemer [forskning.no]
- Kort oppsummering av resultatene fra forskningen i flaggskipet miljøgifter i 2018 [Framsenteret]
- Klærne dine påvirker miljøet mer enn du tror [forskning.no]
- Vet vi nok om hvordan mobilnettverk påvirker helse og natur? [forskning.no]
- Digital avhengighet er som alkoholisme [aftenposten.no]