
Mat er medisin på Senja
Eg har alltid vore litt egenrådig og sjølv prøvd å finne ut av ting. Stoler ikkje blindt på det som blir fortalt frå autoritetshald. Etter kvart som eg blei eldre, kom det nokre helsemessige utfordringar som eg meinte hadde sin årsak i kosthaldet. Det blei ein del undersøkingar på sjukehus og utprøving av medisinar, utan at det blei noko betre. Det seier Bodil E. Salomonsen som er naturmedisinsk ernæringsterapeut MNNH.
Då blodtypedietten kom til Norge, ble dette den fyrste tilnærminga for utprøving av ulikt kosthald ut i frå eit meir persontilpassa perspektiv. Samstundes snubla eg over Tunsberg medisinske skole då eg søkte på nettet for å finna forklaring på mageproblema til mitt barnebarn. Det tok 5 minutt å bestemme seg for å hoppa på og starta med studiet i kostveiledning, grunnmedisin, VEKS fag, naturmedsinsk grunnutdanning og ernæringsterapi. Og med kunnskapen kom også løysninga på eigne helseproblem. Det har vore ein oppstigande spiral som har medført at eg som 60 åring har betre helse enn eg hadde som 30 og 40 åring!
Før eg starta med dette, hadde eg agronomutdanning og en bachelor i mat-teknologi. Og, som eg ofte poengterer, eg er udanna husmor frå husmorskulen.
ERNÆRING I ARKTISKE STRØK
Ettersom kosthald og ernæring er ditt hjartebarn, hadde det vore fint å få litt innsikt i kva du meiner er optimal ernæring – uavhengig av dei mange retningane som er i marknaden.
Eg meiner at den optimale ernæringa for folk flest er den maten som du er genetisk tilpassa å eta – og mat frå det området der du har dine røter. For oss som bur i nord eller i arktiske strøk, er det næringstett og feit mat som gjeld. Vi har behov for kraftig kost som kjøtt, naturlig fett, fisk, sjømat, egg og kanskje naturlig syrna mjølkeprodukt og ost. Fiskelever inneheld viktige D-vitamin som vi sårt treng i mørketida. Grønsaker høyrer til, medan korn ikkje er naturleg i vårt klima - med unntak av kanskje havre og bygg. Det er også viktig at maten blir laga av så reine og enkle råvarer som mogleg, og gjerne knyta til sesongvariasjonane. Restaurantkokkane er blitt veldige gode på nettopp dette - mat i sesong og lokalprodusert.

Bodil i sitt rette element som sjarkfiskar. Rett utanfor småbruket på Senja ligg havet som eit enormt spiskammers.
Det er mange som meiner at kost- og ernæringsråda frå Helsedirektoratet er tilfredsstillande og gode nok for å oppretthalda ei god helse. Kva meiner du?
Mi meining er at norske helsestyresmaktene ikkje heng heilt med i timen og held seg for mykje til råda frå dei same gamle konservative «ekspertane». Persontilpassa kosthald er ei retning som er på full fart inn i Europa. Eit kosthald som er tilpassa det enkelte individ er noko naturterapeutar alltid har hatt fokus på. «Den enes brød er den annens død», er eit gamalt ordtak, og det kan vel kanskje passe her.
"Eg meiner at den optimale ernæringa for folk flest er den maten som du er genetisk tilpassa å eta – og mat frå det området der du har dine røter."
NATURTERAPI OG AKADEMIA
Du har blant anna ein bachelorgrad i mat-teknologi og har arbeida over 20 år i eit matforskingsinstitutt. Har denne bakgrunnen skapt utfordringar i høve å tileigna deg ny kunnskap i naturmedisinsk ernæringsterapi?
Tvert imot! Å jobba i eit forskingsmiljø er verdifullt på mange måtar. Eg jobbar som driftssjef kor eg legg til rette for den aktiviteten som skjer der. Det er ein stor fordel å ha ein fot i akademia og ein fot i naturterapien. Og det har blitt mange interessante diskusjonar opp gjennom åra - og mykje lærdom gjennom den forskinga som har vore gjort på fisk. Her kan mykje overførast til menneske, og dette er ofte kunnskap som er i forkant av det som skjer innan human forsking. Tilgang til å lesa artiklar og publikasjonar gjer at eg kan halda meg oppdatert. «Forsking viser», er eit omgrep som ofte blir nytta i debattar. Då er det greitt å vita at det berre er ei side av saka, og at andre publikasjonar seier noko anna. Å søkja kunnskap er viktig og avgjerande for å kunne ta eit bevisst val om eiga helse. Og så er det jo slik at forsking ofte gjev svar på detaljar og ikkje heilskapen, slik ein ofte gjer i naturterapien. Forskinga har difor avgrensa klinisk verdi.
Den største utfordringa mi som realist innan akademia i høve holistisk tankegang, var vel kanskje å leggja vekk behovet for heilt konkrete svar. Røynda er som regel ikkje svart heller kvitt, men har mange nyansar - og kanskje finn du svaret du leiter etter i deg sjølv.
Eit drivhus må til for dei vekstane som treng ekstra varme og le for vinden - og på eit småbruk er det mange rollar som skal utøvast.
HELSEKODEN
På Instagram har du mange som fylgjer dine herlege forslag til gode matrettar under namnet Helsekoden, og ditt prosjekt på Senja. Fortel litt om dette prosjektet, og kva framtidsplanar du har. Mat har alltid vore mi store interesse, og det å bu på Lysnes på Senja, har gjort det enkelt å ha tilgang på fisk i alle sesongar. Havet er vårt spiskammers som vi kan hausta ulike fiskeslag til ulike årstider. Og med vår vesle sjark, har vi høve til å fiska når vêret tillét det. Å vera på havet ein vårdag når sola skin og måsene flokkar seg rundt båten, er sjelebot.
Det vesle småbruket, fiskebåten og fiskebruket har blitt min leikeplass og arbeidsplass opp gjennom åra. Arktisk jordbruk er litt krevjande i høve det å finna sortar og vekstar som kan veksa og trivast. Og når våronna er i gang sørpå, ligg ofte snøen fortsett her nord. Vekstsesongen er kort og hektisk, men lys og midnattsola gjev dei beste grønsakene og bær med høgare næringsinnhald. I Bestemorhuset på Senja prøver vi å utnytta det vi har av tilgjengelege ressursar. Til gjødsel, blir tang frå fjæra, kompost og vekstskifte nytta for å få fram gode råvarer. Vi aukar produksjonen gradvis, og håper å kunne bruka eigne produkt i mine kurs og kanskje selja litt på sikt. Gleda over å grava i molda, og sjå det veks og gro er rein terapi. Å dyrke sin eigen mat gjev meining, nokon ein også ser i urbane strøk med dyrking på blant anna balkongar. Det blir difor viktig å ta vare på kunnskap om dyrking og kordan ein tek vare på jorda og dei organismane som lever der. Ein inspirator har blant anna vore Jonny Laupsa Borge, som eg høyrte eit foredrag av om økologisk jordbruk tidleg på 90-talet – og som eg trefte igjen 20 år seinare som forelesar ved Tunsberg medisinske skole.
"Å vera på havet ein vårdag når sola skin og måsene flokkar seg rundt båten, er sjelebot."
Det eg har fokus på gjennom Helsekoden, er kurs innan kosthald og ernæring. Eg har hatt kurs på Akinon i Spania, på Kreta og på Senja. Det siste året har det vore lite aktivitet, forståeleg nok. Nå er det Zoom som gjeld, og eg held foredrag om ernæring for ei lokal brystkreftforeining og våre medsystrer i Russland. Folk til folk -samarbeidet med våre naboar er viktig for oss her nord. Dette er eit spennande prosjekt som har gått over nokre år og fortset i 2021.
INSPIRASJON
Er det nokon som du spesielt vil framheva og som har betydd mykje for deg når det gjeld kunnskap om kosthald og ernæring?
Guruen fra Tunsberg medisinske skole er jo sjølvsagt Jens Veierstedt. Han hadde svar på det meste, og han var nok til tider ganske lei av kjerringa frå nord som stilte mange spørsmål. Dag Viljen Polezinsky kjem ein ikkje utanom, likeså Fedon Lindberg, Iver Mysterud, Stig Bruset, Andreas Eenfeldt med fleire. Må også trekke frem Merete Askim, som eg hadde som lektor i ernæring på høgskulen i Trondheim. Ho var forut for si tid på dette feltet. Eg fylgjer også fleire amerikanske legar og forskarar.
Du er også ein flittig deltakar på ulike kongressar. Kva er det generelle inntrykket og utbyttet ved slike arrangement?
For meg er det å treffa «stammen» kjempeviktig. Å møta folk som er oppteken av dei same tankane, er gull verd. Det å kunne diskutera fag, få oppdatering frå forskarar og legar, vera sosial og treffa nye folk, har ein stor verdi - både fagleg og personleg. For meg er det kjempeviktig å fylgja med i det som skjer på forskingsfronten og halda meg oppdatert innan kosthald og ernæring. Håper at vi kan samlast snart igjen. Det blir ikkje heilt det same med Zoom og Teams.
STRATEGIAR FRAMOVER
Kva strategiar meiner du er viktigast for at naturterapi skal få større legitimitet i samfunnet?
Fyrst og fremst tenkjer eg at det er viktig å få gitt kunnskap om naturterapi og komplementær medisin til politikarane. Det er forståeleg at ein er skeptisk til det ein ikkje har kunnskap om eller forstår. Der har også NAFKAM ei viktig rolle når det gjeld kunnskapsformidling. Mange legar har også liten kunnskap om dette feltet. Dei såkalla «håplause» tilfella som oppsøker legen med mindre diffuse problem, kunne med fordel ha blitt vist til ein terapeut som har tid til å gå inn i problemstillinga – sjølvsagt med oppfylgjing og samarbeid med lege. Det ligg mykje hjelp i ein god lyttar og samtalepartnar.
Kva tykkjer du om regjeringa sitt forslag om meirverdiavgift på alternativ behandling?
Eg trur det vil ramma helsevesenet som en boomerang. Dersom alle som går til naturterapeutar skal over til fastlege og autorisert helsepersonell, vil det skape endå lengre helsekøar. Det vil ramme menneske som er avhengig av ulike terapiar for å fungera i jobb og privatliv. Dyrare behandlingar vil redusera høve for eit fritt helseval, og gje eit totalt dårlegare helsetilbod. Fleire land inkluderer naturterapi og KAM inn i det offentlege helsevesen fordi dei ser at vi må vende oss meir mot naturens visdom, spesielt når det gjeld førebyggjing, men også behandling. I Norge går vi baklengs inn i fremtida!