Einar Kringlen, naturmedisin og kvakksalveri
Leiar i NNH, John Petter Lindeland, er i ordskifte med professor emeritus i psykiatri, Einar Kringlen, i Dag og Tid sine spalter. Ordskiftet handlar om Kringlen si bokmelding av Snåsakoden av professor i biologi Kristian Gundersen. Kringlen føretrekk å kalla sektoren for kvakksalvarmedisin.
Alle samfunnsaktørar må tåla kritiske blikk knyta til si verksemd. Naturmedisin og alternativ behandling bør ikkje vera noko unntak. Og spesielt sidan dette er ein relativt lite regulert sektor, er behovet kanskje endå større.
Som organisasjonsleiar er eg i debatten påpasseleg med å ikkje gjera meg til talsmann for heile feltet, sidan spriket i utdanningsnivå og organisasjonsutvikling er stort. Eg kan berre ta ansvar for det arbeidet som Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) gjer i denne samanhengen: auka profesjonalisering gjennom fagutvikling og høg etisk medvit knyta til terapeutrollen.
- Alternativ medisin utan effekt [Dag og tid 03.05.2013]
«I ei tid med høgt opplysingsnivå og framsteg for den tradisjonelle medisinen er alternativ medisin eigentleg eit merkeleg fenomen. For det er ikkje berre uopplyste truskuldige menneske som søkjer seg til desse kvakksalvarane, men òg folk med akademisk utdanning.» Han gjentek seinare at han helst føretrekk å kalla sektoren kvakksalvarmedisin.
Det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har også skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet. Den biokjemiske medisinen er som skapt for RCT-designet, men røyndomen og levd liv seier noko anna. Dette trur eg er hovudårsaka til at bort i mot ein tredjedel av det norske folk nyttar våre tenester. Dei vil ha individualisert behandling.
Eller for å sitera professor i psykologi, Tor-Johan Ekeland: «skreddarsaum i samdesign med klienten». Innan naturmedisinen er økologisk tenking grunnfundamentet for både å forstå sjukdom og utarbeiding av ein behandlingsstrategi der samanheng/samspel mellom ytre og indre faktorar er sentrale – både fysiske, psykiske, mentale og sosiale.
Einar Kringlen svingar også sitt verbale sverd over Aarbakke si utgreiing i NOU 1998:21 Alternativ medisin – og tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten.
Slik eg ser det, var utgreiinga eit forsøk på å skapa ei nærast sosiodiagnostisk kartleggjing av både tilstand og status, behandling og prognose i forhold til ein sektor som aldri hadde vore i nærleiken av å få merksemd og omsorg av forvaltning og politisk nivå. Utgreiinga og dei rettslege/utanomrettslege forslaga var også eit sivilisatorisk arbeid det står respekt av. Kontakta mi med både forskarar, politikarar og terapeutar/legar i Europa stadfestar dette ved at dei ofte nemner Noreg i slike samanhengar. At Kringlen meiner dette er eit tilbakesteg for eit sivilisert samfunn, treng ingen kommentar frå mi side.
Ironisk nok var det i same utgåva av Dag og Tid ein artikkel av Andreas Skartveit med Psykiatrien i uføre som overskrift. Når Kringlen kritiserer andre for lågt vitskapleg nivå, sit han sjølv i glashus når det gjeld psykiatrien sin historie.
Sjølv om han framhevar at «den vitskaplege medisinen har i stor grad vore viljug til å forlata tvilsame terapiar når prov for manglande effekt vert lagt på bordet», er psykiatrisk historie eit godt prov på at slike prosessar har vore svært seigliva og med uboteleg skade for mange menneske.