For over tre år sidan, tok NNH sine faggrupper i soneterapi/refleksologi kontakt med Nasjonalt forskningssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) ved Universitetet i Tromsø. Målet var å drøfta forskingsprosjekt knyta til desse terapiformene. Etter mange vurderingar, fall valet på fotsoneterapi og akutt biholebetennelse.
Dette var i samsvar med råda frå forskingshald: vel prosjekt som ein veit har basis i erfaringar frå klinisk praksis, og som let seg handtera i høve tilgjengelege ressursar.
Mange vil meina at tre års førebuing er lang tid. Eg trur alle som har vore deltakande i prosjektet er samde om at dette har vore nødvendig. Diskusjonar kring praktisk gjennomføring, inklusjons– og eksklusjonskriterium, metode/design osb. tek tid. Og bør ta tid.
Hovudmål
Hovudmålet med pilotstudien er å avgjera om det er ein statistisk indikasjon for at fotsoneterapi kan ha effekt ved akutt biholebetennesle. Omfangen av pasientar er for lite til at utfallet har generell relevans. Om ein skulle få ein positiv statistisk indikasjon, kan dette resultera i at grunnlaget for ein meir omfattande studie er til stades.
Status og praktisk gjennomføring
Studien er pr. desember 2017 godt i gong. Gjennom promotering i diverse media, har pasienttilgangen vore tilfredsstillande – og samarbeidet med dei ulike aktørane har gått smertefritt. Alle rekrutterte pasientar må fyrst innom lege for diagnostisering og vurdering i høve inkludering eller ikkje. Etterpå blir dei "randomisert”, dvs. at dei trekkjer konvolutt med to alternativ: standard behandling og fotsoneterapi, eller berre standard behandling (hjå lege). Det siste alternativet utgjer det ein kallar kontrollgruppe. Eventuell fotsonebehandling vil foregå innan ein ti-dagars periode.
Tilleggsperspektiv
I tillegg til nytteperspektivet i høve statistisk indikasjon, er også prosjektet interessant i samband med ynskjet om reduksjon i bruken av antibiotika ved mildare infeksjonar.
Relaterte lenker:
Se artikler relatert til: