
Krav om språkkompetanse i norsk for MNNH-terapeutar
Framandspråklege som søkjer terapeutmedlemskap i NNH (med unntak av svensk eller dansk) må dokumentera tilfredsstillande norskkunnskapar.
Språk er eit viktig element når det gjeld kommunikasjon menneske imellom. I ein terapeutisk kontekst er dette ofte den viktigaste faktoren for å velja rett behandlingsstrategi. Ein slik strategi skal også innehalda vurderingar som har fokus på at behandlinga ikkje skal vera til skade for pasienten. Det er difor avgjerande at både terapeut og pasient har ei felles oppfatning av den terapeutiske konteksta. Og sidan det er terapeuten som har det juridiske ansvaret i ei slik kontekst, bør dette spegla krava til godkjenning i ein fagorganisasjon.
NNH har til nå ikkje hatt spesifikke formelle vedtak når det gjeld krav til norsk språkkunnskap for terapeutgodkjenning, bortsett frå generelle føringar i våre etiske reglar. Likevel har administrasjonen og godkjenningskomiteen i lenge tid vore klar over denne utfordringa, og sett til at vedkomande søkjar har den nødvendige språkkompetansen. Relevant informasjon er innhenta ved at søkjaren eventuelt har møtt opp på NNHs kontor, undervisningsinstitusjonar og andre som kan skriftleg stadfesta kompetansen.
Innan det offentlege helsevesenet, har det vore opp til arbeidsgjevar å setja krav til språkkompetanse. Statens autorisasjonskontor for helsepersonelle har generelle språkkrav for dei som søkjer norsk autorisasjon:
Fremmedspråklige kandidater med utenlandsk utdanning (med unntak av svensk eller dansk) må dokumentere tilfredsstillende norskkunnskaper innen turnusstart.
Det vil si at det som hovedregel stilles følgende krav til de aktuelle kandidater:
- Bestått norskeksamen trinn III ved norsk universitet eller høyskole med karakter B både muntlig og skriftlig; eller
- Bestått norsk språktest, høyere nivå (Bergenstesten) med minimum 500 poeng eller sammenlagt karakter bestått både muntlig og skriftlig.
- Bestått norskeksamen trinn III ved norsk universitet eller høgskule med karakter B både muntleg og skriftleg.
- Bestått norsk språktest, høgare nivå (Bergenstesten) både muntleg og skriftleg.
- Anna relevant dokumentasjon som kan stadfesta norsk språkkompetanse liknande det som er nemnt i pkt. 1 og 2.