
WHO med ny rapport om tradisjonell og komplementær medisin
Last ned WHO Global Report on Tradiotional and Complementary Medicine 2019
Frå forordet til Adhanom Ghebreyesus, administrerande direktør i Verdens helseorganisasjon:
Tradisjonell og komplementær medisin (T & CM) er ein viktig og ofte undervurdert helseressurs med stort potensiale, spesielt når det gjeld førebygging og og handtering av lisvstilsrelaterte kroniske sjukdomar, og i møtet med nødvendig helsehjelp til ein aldrande befolkning. Mange land søker dekning av viktige helsetenester i ei tid der både forventningar og kostnadar stig, og dei fleste budsjett enten har flata ut eller blitt redusert. I lys av dei spesielle helsemessige utfordringane i det 21. århundre, er det i dag ei fornya interesse for tradisjonell og komplementær medisin.
Overvåkning av helsetrender er ein kjernefunksjon i Verdens helseorganisasjon og ein viktig reiskap for å generere evidensbasert politikk og strategiske planar. Denne rapporten vurderer global utvikling innan tradisjonell og komplementær medisin dei siste 20 åra og er basert på bidrag frå 179 medlemsland. Den syner tydelig at fleire og fleire land anerkjenner tradisjonell og komplementær medisin sin rolle i sitt nasjonale helsevesen. I 2018 hadde til dømes 98 medlemsland utvikla nasjonal politikk kring tradisjonell og komplementær medisin, 109 hadde lansert nasjonale lovar eller forskrifter på T & CM, og 124 hadde implementert regelverk om urtemedisinar.
Land som har som mål å integrere det beste av T & CM og konvensjonell medisin, vil ha nytte av å ikkje berre sjå på dei mange forskjellane som finst mellom dei to systema, men og på område der begge konvergerer i arbeidet med å takle dei unike helsemessige utfordringane i det 21. århundre. I ei ideell verd ville tradisjonell medisin vore eit alternativ som vert tilbydd av eit velfungerande, befolkningssentrert helsesystem som balanserer kurerande tenester med forebyggande omsorg.
Verdens helseorganisasjon er halvveis i gjennomføringa av Strategi for tradisjonell medisin 2014-2023. Vårt primære fokus er å utvikle normer, standardar og tekniske dokument basert på pålitelig informasjon og data, og å støtte medlemslanda i å tilby sikre, kvalifiserte og effektive T & CM-tjenester og ein hensiktsmessig integrering i helsesystemer for å oppnå universell helsedekning og bærekraftig utvikling.
Eg er svært glad for å presentere Verdens helseorganisasjon sin globale rapport om tradisjonell og komplementær medisin 2019. Den vil gi verdifull informasjon for beslutningstakarar, helsepersonell og publikum for å dra nytte av tradisjonell og komplementær medisin sitt potensielle bidrag for helse og velvære.
Oversatt av Svein Johannessen - nettredaktør NNH