Språklege skoddeheimar
For ein del år sidan blei det i regi av NNH arrangert eit fellesmøte mellom naturterapeutar og legar tilslutta Larvik og Omegn legeforening. Temaet var: «Legen i møte med alternativ medisin.» Den fyrste foredragshaldaren var ein kvinneleg lege. Av alle ting (også dei ytterste) greip ho fatt i den alternativmedisinske terapeuten sin bruk av språket.
Ho undra seg ofte når ho fekk pasientar, som hadde vore til alternativ behandling, at dei mest alltid hadde med seg diagnosar der innslaget av ordet «noe» ofte gjekk igjen. Det var noe med nyrene, med levra, skjoldbruskkjertelen, hypofysen, tarmen osb. — eller for å seia som jærbuen: Det æ noge med alt. Dette «noe» stilla ho så opp mot skulemedisinen sitt mangfaldige repertoar av diagnosar som omforma til latinske nemningar gjev både ærefrykt og «bæven» hjå Ola og Kari.
Det skulemedisinske fundamentet for behandling er og blir den vitskaplege diagnosen. (Ho nemnde sjølvsagt ikkje at patologiske undersøkjingar stadfestar at legane sine diagnosar har ein feilprosent på om lag 70 %. Det viser seg også at rettsmedisinske vurderingar har eit stort innslag av feilmarginar og tolkingsvariasjonar). Og dersom ei behandling ikkje er basert på ein vitskapleg diagnose, kunne ho som skulemedisinar korkje tilrå slik behandling eller ha noko utbytte av kommunikasjon med slike terapeutar. Eg trur vi som var der den kvelden vart litt overraska, eller kanskje overrumpla. Etter å ha kosa oss i vår eigen andedam mellom vatnliljer og strandrøyr nokre år og med jamne mellomrom dukka hovudet ned i sølevatnet for å finna litt mat eller stilla ein undervatnsdiagnose i dårleg sikt, var det brått nokon som bad oss opp av vatnet for ein samtale om ting me ikkje hadde reflektert noko særleg over.
Og eg er langt ifrå sikker på om denne legen sjølv hadde reflektert over sin bruk av ordet «noe». For i dette «noe» ligg sjølve røyndomen (røynd: erfaren, og då blir røyndomen summen av alle erfaringar) gøymt som både trollet i fjellet og det som sprekk når det kjem ut i sola. Alt det som vi ikkje er medvitne om og har sett ord på. Alle samanhengane vi ikkje klarar å fatta fordi dei fleste forklaringsmodellar er avgrensa rammer om vår manipulasjon av røyndomen. Vi maktar ikkje å forhalda oss til kompleksiteten i det fysiologiske mangfaldet som organismen fungerer i, og trekkjer derfor ut deler som vi kan skjøna og av og til gjera praktisk nytte av. Men det er ikkje i nærleiken av å vera røyndomen sjølv i sin kompleksitet og mangfald.
For oss, som har levd ei stund og har erfart og tenkt på både det eine og det andre, veit at alt det me ser rundt oss ikkje blei skapt på sju dagar. Det kan godt vera at urformene blei skapt innanfor ein slik tidsbolk, men alle variasjonane av alt det som er i dag og som har vore til har nok blitt til gjennom ein lang utviklingsprosess der prøving og feiling har vore dominerande verktøy. Slik er det også med sjukdomsprosessar. Dei utviklar seg som regel også langsamt i både tid og rom. Og i dette utviklingsrommet ligg «noe» gøymt. Pasienten har symptom, men korkje laboratorieprøver eller anna diagnostisk utstyr avslører unormale funn. Vedkomande får ein klapp på skuldra av sin fastlege, som seier at dette går nok over av seg sjølv. Ingen diagnose, ingen behandling. Kanskje ein rekvisisjon til fysioterapeut eller tilråding om eit smertestillande eller dempande preparat. Og når ikkje dette hjelper, er gode råd dyre.
Mange tek tida til hjelp i håp om at den forløysande diagnosen skal dukka opp og utløysa både sjølvrespekt og økonomiske rettar til både det eine og det andre.
Alternative diagnoser
Andre søkjer mot alternativ behandling. Og her er det mykje å velja mellom — alt etter kva motiv ein har. Og i svært mange tilfelle er heller ikkje diagnosen det berande motivet for å søkja hjelp.
Primærbehovet er at dei vil bli kvitt plagene — den konstant tette nasa, krampane i leggene når dei reiser seg opp frå stolen eller ligg i senga, den brennande eller sviane hemoroiden, stadig tilbakevendande urinvegsinfeksjonar, den trege avføringa, menssmerter, allergien, den vonde skuldra på venstre side som smerter når ein ligg på den og ein dermed mistar nattesøvnen, det vesle barnet som skrik heile natta og krøker seg saman som ein ball og der einaste lindringa er å liggja inntil brystet hjå mor så lenge mor orkar det osb. Kvardagsplager, som vi helst ikkje vil skal styra vår kvardag.
I dette rommet — både overfor dei som har fått ein diagnose av den etablerte medisinen og dei som ikkje har fått — har vi som alternativmedisinske terapeutar ein stor kommunikasjonsutfordring. For vi skal også stilla ein diagnose som utgangspunkt for den behandlingsstrategien vi vel. Samstundes skal vi ikkje uttala diagnosen som eventuelt kan leda pasienten inn i førestillingar der tvilen får grobotn. Og samstundes skal vi også ha kunnskap nok til å stilla ein kontradiagnose som grunnlag for å senda vedkomande vidare til meir adekvat behandling på ein etisk forsvarleg måte. I staden for at «diagnosen» eller kommunikasjonen skal enda opp med eit god dag mann økseskaft-forslag, er det faktisk lov til å uttala at i mange sjukdomsutviklingsfasar er det språklause tilstandar.
Det er «noe», men Seksjonen for språklege tildelingar innan medisinsk diagnostikk (SPTIMD) har ikkje hatt møte om dette ennå. Dei har til nå stort sett bare konsentrert seg om tildeling der formforandringar i fast eller flytande vev er kome så langt at dei er målbare og innanfor ein forklaringsmodell der sjukdomen er avgrensa og lokal. Det er ut ifrå dette ikkje rart at forskingsprosjektet i Bergen for nokre år sidan — Føttene, et diagnostisk hjelpemiddel? — konkluderte med at terapeutane dreiv med overdiagnostisering.
Konklusjonen var at soneterapi ville ha liten eller ingen verdi innan medisinsk diagnostikk. Og dette ledar oss over til både forsking og utdanning. I dag er det slik at forskinga når det gjeld alternativ medisin er styrt ovanfrå, ofte med grunngjeving i at forsking er eit eige fag og må derfor takast hand om av profesjonelle aktørar. Ein kan lett vera samd i denne argumenteringa før ein får tenkt seg litt om. Men i ettertanken oppstår erkjenninga av at vi alle er forskarar gjennom vårt daglege yrke med pasientar. Profesjonelle forskarar treng difor impulsar nedanfrå, om vi saman skal klara å gripa om kompleksiteten i den menneskelege organismen.
Utdanning
Når det gjeld utdanning, er eg overtydd om at ei god allmenndannande naturmedisinsk skolering er den beste investeringa bransjen kan gjera for å styrka vår identitet, og med dette også leggja grunnlaget for utvikling av ein naturmedisinsk terminologi som vi både kan kommunisera utover og innover. Vi må aldri gløyma at språk er både makt, identitet og kommunikasjon. Klarer vi ikkje å utvikla vårt eige språk, er det andre som tek makta og styrer vår kommunikasjon.
Se artikler relatert til: