Naturterapeutisk praksis ved ein global pandemi
World Naturopathic Federation (WNF) har i samband med covid-19 pandemien utarbeida eit dokument som omhandlar kva naturterapi kan bidra med i denne samanhengen. Dokumentet er mynta på styringsverket og helsepersonell, og gjev ein kort informasjon om forsking og kva som eventuelt kan implementerast eller brukast av tiltak.
Under er eit samandrag av informasjonen frå WNF.
Ingen covid-kur
For å handtera den nåverande globale pandemien, kan ein god strategi vera at ein gjer seg bruk av alle tilgjengelege behandlingar og ressursar både innan konvensjonell medisin og innan tradisjonell- og komplementærmedisin. Naturterapi er etablert og blir praktisert i 98 land over heile verda. Praksisen omfattar blant anna dei mest kjende naturmedisinske terapiformene, i tillegg til ernæring/livsstilendring.
Den nåverande pandemien har vist at det er viktig å ha fokus på livsstilsfaktorar som kan hjelpa menneske med kroniske lidingar – og som er spesielt utsett i samband med covid-19.
Erkjenning av at det er avgrensa med terapeutiske tilrådingar og ingen kur for covid-19 i høve gjeldande forsking, har fagmiljøet som er tilslutta WNF gjennomført ei undersøking av kva som eventuelt kan vurderast når det gjeld naturterapeutiske tiltak.
Livsstil og risikofaktorar
Å adressera livsstilsfaktorar og underliggjande ikkje-overførbare sjukdomar som diabetes, høgt blodtrykk, hjarte- og karlidingar, luftvegssjukdomar osb., er eit viktig skritt i å redusera risikoen og alvorsgraden av den nåverande pandemien. Naturterapien har tradisjon for å fremja sunne livsstilsvanar og vera understøttande ved slike sjukdomar som nemnt ovanfor.1) Undersøkingar viser at brukarar er godt nøgde med den hjelpa dei får, også når ein samanliknar med det dei får innan konvensjonell behandling. I undersøkingar som WHO har gjort i dei 98 landa som har slik praksis, er at det er ein auka trend i å bruka både urter, vitamin og mineral, diett i eit behandlingsregime – spesielt ved kroniske helseplager.
Akutte luftvegsinfeksjonar
WNF har gjennomgått forsking spesielt knyta til akutte luftvegsinfeksjonar, som jo er ein del av covid-19 sitt sjukdomsbilde. Tiltaka og behandling som er vurdert er vitamin C, D, Zinc, N-acetyl-cysteine og eteriske oljer som Sambucus niger, Echinacea og Hedera helix.
For meir informasjon, gå inn på nettsida til WNF worldnaturopathicfederation.org
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon er fullverdig medlem av WNF.
Kjelde: