
Når ein trur ein fortel sanninga om homøopati
Redaktør Are Brean i Tidsskrift for den norske legeforening, har fleire gonger nytta høve til å koma med kritiske merknadar til homøopatien. I ein nylig publisert leiarartikkel tek han utgangspunkt i den franske lovreguleringa når det gjeld homøopati, der refusjon for behandling har vore ein del av ordninga. Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon og Norske Homeopaters Landsforbund har skrive eit tilsvar.
I minileiaren Homøopatisk dosering kritiserer Brean produsenten Laboratoires Boiron for å gjere formidabel profitt av å selge sukkerpillar heilt utan aktive ingrediensar. Han skriv mellom anna:
Men på ett punkt skiller Boiron seg fra andre legemiddelselskaper: I den grad vitenskapelig evidens for effekt i det hele tatt er en del av argumentasjonen, er det kun i homøopatiske doser.
I eit felles tilsvar Når ein trur at ein fortel sanninga skriv leiarane i NNH og NHL, John Petter Lindeland og Tore Fosso:
Retorikk er ein kunstart. I kommentarartikkelen – Homøopatisk dosering – stadfestar sjefsredaktør Are Brean at han er ein rimeleg god utøvar i så måte. Kunsten består fyrst og fremst i å ha eit einsidig fokus, helst så einsidig at du får lesaren til å fryda seg over kor mykje dumskap det er der ute. Det handlar om homøopati, sjølve inkarnasjonen av dumskap og lettlurt placeboterapeutisk tilbod.
Om ein brukte same knepet på ein forenkla karakteristikk av moderne vestleg medisin, ville det vore som fylgjer: den har ei tru om at lidinga her og nå er sjukdomen, at den er lokal og avgrensa i tid, ein brukar midlar/intervensjonar som primært motverkar eller dempar det lokale utslaget og trur at bortfallet av dette er kur og gjev betre helse på sikt. Ei slik sjukdomsforståing har lagt grunnlaget for behandlingsstrategiar som har skapt nokon av dei største økonomiske formuane me har i verda.
Lindeland og Fosso trur ikkje siste ord er sagt i denne saka og poengterer at det i lengda er den vanlege franske borgaren som erfarer at homøopatisk behandling gjev gode helseeffektar, som er den viktigaste maktfaktoren - ikkje legemiddelprodusenten.
- Homøopatisk dosering
Minileiar av Are Brean - Tidsskrift for den norske legeforening - Når ein trur at ein fortel sanninga
Kommentar av John Petter Lindeland (NNH) og Tore Fosso (NHL)