
Er tida mogen for eit felles høgskuleløft?
Ynskjer den naturmedisinske sektoren å vera ein subkultur framover, slik fleire organisasjonar ser ut til å meina i høve til fagkrava dei presenterer (eller mangel på slike), kan me slå oss til ro og oppretthalda status quo. Ynskjer me å bli ein livskraftig motkultur og samarbeidspartnar med etablert helsevesen, må me skapa utdanningar som samsvarar med det nivået ein finn innan offentlege helsefagutdanningar.
Offentlege utgreiingar
I samband med gjennomføringa av Ot.pr. nr. 27 Om lov om alternativ behandling, blei det blant anna gjort vedtak om utgreiing av fagstandard i homøopati, akupunktur, osteopati og naprapati. (Delrapportar om homøopati, akupunktur, osteopati og naprapati – Helsedirektoratet.) Sjølv var eg NNH sin representant når det gjeld homøopati. Alle fire utgreiingane landa på eit fireårig fulltidstudium – ein bachelorgrad med eit års tillegg – totalt 240 studiepoeng.
Arbeidsgruppene hadde i tidleg fase skapt konsensus om at studieomfanget for ein sjølvstendig terapeut med ansvar i eigen praksis burde liggja høgare enn ein bachelorgrad, som i dag er 3 års heiltidsstudium. Samanlikningsgrunnlag var blant anna sjukepleiarstudiet som er ein bachelorgrad – totalt 180 studiepoeng - men kvalifiserer ikkje til ansvar i sjølvstendig praksis.
Det føreligg altså ein utdanningskonsensus med ei rimeleg brei forankring blant dei største organisasjonane innan den naturmedisinske behandlartradisjonen: Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon, Norske Homeopaters Landsforbund, Akupunkturforeningen, Norsk Foreining for Klassisk Akupunktur, Norske Akupunktørers Hovedorganisasjon (dei to sistnemnde er gått inn i Akupunkturforeningen) og Norges Landsforbund av Homøopraktikere. Eg kunne også her teke med Norsk Osteopat Forbund og Norges Naprapatforbund, men er usikker på om dei definerer seg innafor den nemnde behandlartradisjonen.
Realitetsorientering om finansiering
Norge har pr. dato ei høgskuleutdanning innanfor den naturmedisinske behandlartradisjonen ved Høyskolen Kristiania - tidligere Norges Helsehøyskole. Dei tilbyr ein bachelorgrad i akupunktur. På nettsidene blir det opplyst at ved sist opptak (red.anm. høsten 2015) var det 19 studentar det fyrste året.
Når ein veit at finansiering av slike offentleg akkrediterte studium ved private høgskuler i hovudsak kviler på eigenbetaling frå studentar, skal det ikkje mykje fantasi til å førestilla seg at eit slikt studentomfang gjev redusert utviklingspotensiale. I tillegg er det også kome kommentarar om ein arbeidsmarknad som ikkje er optimal, noko som kan leggja ein dempar på framtidig rekruttering. ("Utdanning til fattigdom" - Akupunkturforeningens tidsskrift deQi – nr. 3/2011).
Offentleg finansierte høgskular er også underlagt ei budsjettramme som kan vera utfordrande, spesielt for nye fagområde der arbeidsmarknaden er ein usikker faktor. Finansieringa har vore delt inn i grunnstønad (basiskomponent) og produksjonstilskot (resultatkomponent) med ei fordeling på om lag 70/30 %. Grunnstønaden blir utbetalt som forskot, medan produksjonsstilskotet blir etterbetalt når godkjenning av denne aktiviteten/resultata føreligg.
- Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill
Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler
Forslag fra ekspertgruppe oppnevnt av Kunnskapsdepartementet 8. april 2014
Finansieringsmodellen legg vekt på at utdanningsaktørane må driva kontinuerleg kvalitetsarbeid for å oppretthalda aktiviteten og dei ulike studietilboda.
Nye tankar
Om ein tenkjer seg ei naturmedisinsk høgskuleutdanning, som både har økonomisk handlingsrom og god fagkompetanse, trur eg ein må ha eit meir fleksibelt perspektiv når det gjeld utdanningsmodell og endepunkt for kompetanse. Skal sektoren få breiare innpass i det offentlege rommet, treng me ulike kompetansar som kan komplettera kvarandre. Difor bør eit slik studium tuftast på ein brei allmenndannande fagkrets lik det ein finn innan andre helsefagutdanningar (sjukepleiar, vernepleiar osb.) med tillegg av naturmedisinsk grunnforståing/kosthald/ernæring og grunnutdanningar innan til dømes to naturmedisinske terapifag. Dette vil kunne danna fundament for ei fleksibel utdanning, som forutan å gje eit godt grunnlag for vidare spesialisering, også kan nyttast som rekrutterings- og kompetansegrunnlag innan andre relaterte bransjesegment (styringsverk, media, apotek, helsekost, leverandørindustrien, skolering av offentleg helsepersonell/pasientveiledning, undervisning osb.). Eit av hovudpoenga er at ikkje alle treng blir terapeutar, men heller koma ut med eit anna endepunkt for kompetanse som sektoren sårt treng – alt etter kva fagkrets dei vel.
Den relativt spreidde busetnaden i Norge tilseier også at modellen i neste spalte vil vera gunstig i eit terapeutperspektiv. Behovet for ein meir allsidig kompetanse er fordelaktig ute i distrikta med lange avstandar til andre terapeutar/spesialistar.
Når det gjeld rekruttering, kan det vera greitt å bli minna på at pr. januar 2015, var me 5 165 802 innbyggjarar her i landet – jamstort med folketalet i dei større byane litt sør i Europa. I fyrste omgang vil det kanskje vera nok med ei slik utdanning i Norge på dette nivået, både med omsyn til rekruttering og samling av kompetanse. Til modellen som er vist her, kan det også føyas til vidare løp mot master-/doktorgradsnivå, og dermed rekruttering av forskingskompetanse med god og relevant kompetanse om det feltet ein vil forska på.

Fagskule versus høgskule/universitet
Utviklinga mot at fleire undervisningsinstitusjonar har fått godkjent studietilbod innan naturmedisinske fag på fagskulenivå, er svært gledeleg. Det vil både vera naturleg og sterkt ynskjeleg at ein får eit samarbeid mellom desse tilbydarane og eit slikt høgskulestudium. Ein kan her få ein god symbiose mellom eit praktisk orientert utdanningsnivå og ei meir akademisk tilnærming for dei som ynskjer det.
- Rammeplan for ingeniørutdanning
Toårig og treårig ingeniørutdanning
Fastsatt 1. desember 2005 av Utdannings- og forskningsdepartementet
Autorisasjon og fagleg/politisk aksept
Det er mogleg at det er prematurt å nemna autorisasjon i denne samanhengen, sidan det er kort tid sidan fleire organisasjonar fekk avslag på sine søknadar. Meldinga frå helsepolitisk forvaltning er at dei på det nåverande tidspunktet ikkje ynskjer fleire grupperingar inn under Helsepersonellova. Frå eit forvaltningsperspektiv kan ein skjøna ei slik vurdering, spesielt med litt kjennskap til det mangfaldet som denne sektoren representerer. I NOU 1998:21 Alternativ medisin, er det presentert 99 terapiformer – meir eller mindre omfangsrike og utbreidd. Om ein tenkjer seg at 15 av desse har potensial for eit høgare utdanningsomfang, vil dette by på utfordringar reint forvaltningsmessig om dei skulle koma inn under Helsepersonellova. Ei løysing kunne då heller vera å autorisera grunnterapeutiske utdanningar innafor ein avgrensa fagidentitet, slik at ein stod att med ei handfull grupperingar – eller færre. Fleire statar i både USA og Canada har relativ lang erfaring med ei slik regulering.
- World Naturopathic Federation Report (juni 2015)
NNH har hatt kontakt med ein høgskule i samband med utdanning på dette nivået. Rådet dei gav oss var:
- Lag oversikt når det gjeld kompetanse innan feltet: høgskulelektor, forskarar med doktorgrad, anna fagpersonell som eventuelt kan realkompetansevurderast av høgskulen
- Lag skisse til ein fagplan med studiepoengfordeling mellom dei ulike faga
Mange organisasjonar sit på verdifull kompetanse når det gjeld slike prosessar. Om fleire gjekk saman, trur eg dette vil bli oppfatta som ein ny giv mange ville helsa velkommen. Hansken er hermed kasta, ikkje i tydinga av at ein har resignert, men at ein ny er kasta inn i ringen.




