
Mangfald i utdanninga – om utdanningsstøtte
Om «yrket ein utdannar seg til har ein dokumentert helsefremjande effekt» skulle bli lagt til grunn for alle helsefagutdanningar her i landet, ville det vera fleire autoriserte helsepersonellgrupper som ligg dårleg an, skriv leiar i NNH John Petter Lindeland i ein kommentar til leiarartikkel i Bergens Tidende 9. mars 2017.
Erkjenninga av at det er mange måtar å stimulera dei sjølvhelande kreftene i organismen, var bakgrunnen for at Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) i si tid vedtok å tilby medlemskap og godkjenning i terapeutisk healing.
Ulikt fleire healar-organisasjonar meiner NNH at også grunnmedisinsk kunnskap er ein viktig del av ein slik kompetanse. Minstekravet for Nav når det gjeld godkjenning av støtte til slik utdanning, burde vera ei form for akkreditering gjennom anten offentleg aktør eller annan kompetent fagorganisasjon.
Nav burde også vera skeptiske til utdanningsinstitusjonar som ikkje held seg innanfor marknadsføringskrava. Ser ein bort frå desse merknadane, er vi elles nøgd med at Nav ikkje handhevar eit prinsipiell nei-standpunkt når det gjeld slike utdanningar, men vurderer frå sak til sak. Leiarartikkelen i Bergens Tidende 9. mars fremjar eit anna avgrensingskriterium i tillegg til Lånekassen og NOKUT, om at «yrket ein utdannar seg til har ein dokumentert helsefremjande effekt».
Om dette skulle bli lagt til grunn for alle helsefagutdanningar her i landet, ville det vera fleire autoriserte helsepersonellgrupper som ligg dårleg an.
NNH tykkjer det er klokare å leggja til grunn eit anna perspektiv. Sidan me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike intervensjonar, er det viktig å ha eit mangfald i det terapeutiske feltet. Men slike gjerningar skal alltid vera styrt av sunne etiske haldningar og kunnskap.