Oslo 27. november 2018
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) er kjent med at Arbeiderpartiet har forslag om på ny å innføra mva. på alternativ behandling – jfr. artikkel i VG
NNH si prinsipielle haldning:
- NNH meiner at fritak for meirverdiavgift på alternativ behandling skal knytast opp til offentleg definert kompetanse og koplast til Registeret for utøvarar av alternativ behandling. Med offentleg definert kompetanse meiner vi fag som er avgjerande for å vareta pasienttryggleiken: grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, sjukdomslære osb.) og VEKS-fag (vitskap, etikk, kommunikasjon og samfunn).
- Dagens reguleringsregime svekker motivasjonen til å ta lengre utdanningar, når ein veit at terapeutar med nokre weekend-kurs får dei same rettane: mva-fritak og offentleg tittel Registert terapeut. Dette er ein fare for pasienttryggleiken.
- NNH meiner at tida er mogen for ei evaluering av Lov om alternativ behandling med forskrifter, og ynskjer at det bli sett ned eit breitt samansett utval som kjem med ei innstilling overfor Helsedepartementet og Stortinget.
Inntil eit slik utval har gitt si innstilling, ber NNH om at fritaket for meirverdiavgift på alternativ behandling blir ståande.
Ei generell innføring av meirverdiavgift nå, vil slå beina under heile registerordninga med fylgjande konsekvensar:
- Skapa kaos i høve det som i formålsparagrafen er nemnt som bidrag til forretningsmessig ordnede forhold blant utøvere av alternativ behandling.
- Kan føra til store mørketal av terapeutar som driv under «radaren», som korkje har ansvarsforsikring eller er knyta til organisasjonar med etisk råd/klageadgang.
- Helse/finansforvaltninga vil mista ein verdifull informasjonsbank.
- Generell svekking av pasienttryggleiken og forbrukarrettar.
- Svekka utvikling av seriøse og kompetente organisasjonar.
I fylgje undersøkingar utført av Statistisk sentralbyrå og NIFAB, nyttar om lag 1 mill. av innbyggjarane i Norge denne medisinske tradisjonen jamleg. NNH meiner at eit slikt omfang har positiv innverknad på generell folkehelse, og avlastar det offentlege helsevesenet. Sektoren treng difor ein heilskapleg politikk der pasienttryggleik har hovudfokus – og ikkje som salderingspost i budsjettforhandlingar.
John Petter Lindeland
NNH-leiar
Lidia Ivanova Myhre
Generalsekretær