
Naturmedisinsk antologi er i all hovudsak ei samling av publiserte artiklar i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) sitt fagtidsskrift Naturterapeuten i tidsrommet frå 1997 til 2014. Ariklane er valt ut med omsyn til både innhaldsstruktur og kvalitet. Me ynskjer i denne samanhengen å retta ein stor takk til alle bidragsytarar, som mest utan unntak har vore positive til dette bokprosjektet. Dei fleste har valt å ikkje endra på originalartikkelen, noko som inneber at innhaldet i einskilde artiklar ber preg av dette. Ser ein bort frå slike innvendingar, er dei likevel tidsaktuelle med omysn til den bodskapen dei prøver å formidla.
NNH ynskjer at antologien skal bidra til eit auka refleksjonsnivå både for dei som til dagleg har sitt yrke i den naturmedisinske tradisjonen, men også for aktører som står utanfor og ynskjer meir kunnskap og informasjon. Antologien burde også vera aktuell for undervisningsinstituajonar som ei nyttig lærebok for både studentar og lærarar.
Til slutt ein stor takk til annonsørane, som har gjort det mogeleg å gjennomføra dette prosjektet innanfor ei økonomisk forsvarleg ramme.