Oslo, 29. januar 2009
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) ynskjer å markera at vi både er glad og stolt av Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hansen som gjennom å fortelja om eigne erfaringar med ein av metodane innan naturmedisinsk/alternativ behandling, har skapt grobotn for å ta folkelege erfaringar på alvor. Til nå har slikt stort sett blitt vurdert som tilfeldige eventyr av meir eller mindre spektakulær karakter og publisert i vekeblad som bare vanlege folk les.
Det er på høg tid å oppreisa det vanlege folkevettet og la dette integrerast i nye dokumentasjonsstrategiar som kan fanga opp denne forskinga, desse observasjonane og erfaringane som kjem «nedanfrå». Slike strategiar skal ikkje setjast opp som motsatsar til tradisjonell forsking, men vera utfyllande til kvarandre. Vi treng fortsatt lupeforsking med reduksjonistiske innfallsvinklar innan område der slike metodar er mest fornuftige.
NNH er glad for at NAFKAM i Tromsø ser ut til å ha gjennomtenkte strategiar for å integrera folkelege erfaringar. Eit døme her er prosjektet Eksepsjonelle sykdomsforløp. Ynskjet framover er at også mindre alvorlege lidingar både av kronisk og akutt karakter kunne ha blitt innlemma i ein database for vidare oppfylgjing og forsking. Her må også terapeuten sine observasjonar og erfaringar få sin plass i det totale biletet.
John Petter Lindeland
Leiar NNH