
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) var, saman med vår nordiske samarbeidspartner Nordisk Samarbeidskomite for Komplementær- og alternativ medisin, deltakar ved EUs Cambrella’s Final Conference den 29. november 2012 i Brussel.
Cambrella involverar eit konsortium av 16 akademiske forskingsinstitusjonar frå 12 europeiske land. Prosjektet er fylgt opp av eit rådgjevande organ av 12 organisasjonar som representerar ulike interessegrupper innan feltet alternativ medisin.
Utgangspunktet for prosjektet frå EU si side, er at ein reknar med at om lag 150 millionar menneske i Europa brukar alternativ medisin årleg. Med ulike reguleringstradisjonar, er det av stor verdi å få ein oversikt som kan danna grunnlag for tilrådingar når det gjeld framtidig forsking og andre tiltak som kan sikra pasienttryggleiken og forbrukarrettar. Målet for Cambrella er å leggja til rette for eit berekraftig forskingsamarbeid av høg kvalitet og der eit koordinerande nettverk mellom ulike interessegrupper, finansieringskjelder og terapeutar er eit av virkemidla. Strategien på lengre sikt er å få institusjonalisert arbeidet innan EU sine helsepolitiske organ.
Norge var elles sterkt representert ved konferansen. Professor Jarle Aaabakke, rektor ved Universitetet i Tromsø, og tidlegare leiar for den fyrste offentlege utgreiinga om alternativ medisin i Norge, sa i sin opningstale at kritikarar av alternativ medisin må innsjå at denne medisinske tradisjonen er komen for å bli. Vegen framover er å auka kunnskapen om feltet og skapa gode rammevilkår for integrering og samarbeid til beste for befolkninga. Professor Vinjar Fønnebø, dagleg leiar ved NAFKAM i Tromsø, har vore og er ein sentral aktør i prosjektet.