Medisinsk fokusfundamentalisme og tabloide diagnosar
Mennesket har alltid hatt ei trong til å forenkla dei store spørsmåla om tilværet. Dette har ein gjort ved å dela opp og avgrensa. Neste steg har så vore å setja dette saman i ordna byggverk av ord og ritual – alt etter både naturforhold og kva det skulle tena til. Og når dette blir repetert mange gonger nok, festar det seg i det kollektive minnet og blir ståande der som sanningsøyler.
Me kjenner dette igjen både i fag og i livsfilosofiske område. Religion er heller inga unntak, sjølv om ein her ofte byggjer på ei blanding av subjektive åpenbaringar, og rituelle/dogmatiske byggverk som er konstruert i ettertid. Slikt kan vera nyttig som eit forsvar mot å bli eksistensiell gal eller som eit nyttig redskap for å oppnå makt og mynde. Dette som motsats til den individuelle religiøsiteten vi stort sett alle ber med oss og som ikkje ynskjer anna makt enn å vera seg sjølv. Likevel blir det galt å framføra at forenkling av fenomena gjennom reduksjonistiske metodar er eintydig negativt. Denne metoden har frambrakt ein enorm kunnskap og praktiske tiltak innan mange av livet sine område. Også innan medisinen. Men å møta kompleksitet (det fysiologiske/anatomiske og psykososiale mangefaldet som pasienten representerar) med reduksjonistiske forskings/terapeutbriller og tabloide tendensar i behandling av kroniske tilstandar (både små og store), kan ofte føra til lettvinte løysingar der kvar og ein rir sine terapeutiske kjepphestar.
Ferdige diagnosar
Kven har i sin praksis ikkje opplevd å stå overfor nye pasientar som har både ein eller fleire ferdige diagnosar festa ved seg. Eg tenkjer ikkje spesielt på dei skulemedisinske diagnosane, som me av juridiske årsaker alltid må forhalda oss til og som av og til også kan vera nyttige og nødvendige - men på dei vi får som merkelappar av våre alternativmedisinske kollegear: amalgamforgiftning, candida, mangel på vitamin og mineral, alt sit i nyrene, leveren, gallen, hypofysen eller at alt er knytta til traumatiske opplevingar ein eller annan gong i livet. Og når den sjølvsikre terapeuten ikkje ser ut til å lemna nokon tvil om sin diagnose, blir skrifta i panna like feit som dei tabloide bokstavane i Dagbladet og VG. Og me trur på dei! Og kvifor skulle me ikkje det? Terapeuten var hyggeleg; eg kom der av fri vilje og var for så vidt interessert i eit anna fokus enn det skulemedisinen kunne gje meg. Endeleg var det nokon som kunne setja ord og merkelapp på det eg har slite med og grunna på i årevis. Og det i laupet av nokre få sekund – eller i allefall ikkje meir enn ein halvtime! Isolert sett treng ikkje slike diagnosar vera feil, fordi ein som regel alltid vil finna ubalansar/funksjonsforstyrringar i mange organsystem/nivå. Avhengig av terapiform, utdanning og terapeutisk fokus, vil terapeuten sjølvsagt fokusera på det som vedkomande har utvikla som sitt behandlingskonsept. Motivet for eit slikt fokus kan vera reint fagleg fundert, men kan i mange tilfelle også vera styrt av økonomiske vurderingar ut ifrå eit medvit om at raske konklusjonar framført med brei pensel gjev både makt og pondus og dermed ei sterkare lojalitetsbinding. Eg seier ikkje det er galt å tena pengar til sitt daglege brød, men eg trur det kan vera nyttig for bransjen å tenkja gjennom ein del etiske problemstillingar knytta opp til ein slik praksis.
Mellom barken og veden
Like før jul fekk eg ein ny pasient. Hovudsymptomet var øyresus. Eg tok som vanleg ein grundig anamnese, etterfylgt av behandling som i dette tilfelle var soneterapi. Utan å gå i detalj, fann eg mykje muskelspenningar ulike stadar og det eg oppfattar som funksjonsforstyrringar i ulike organ. I anamnesen kom det fram at vedkomande hadde vore i ein krevande studiesituasjon gjennom ei årrekkje, kombinert med eit høgt ambisjonspress frå både familie og seg sjølv. I vår samtale fortalde eg om mine funn og vurderingar, og samstundes om kva påverknadar slike livssituasjonar kan ha på organismen. Sidan jula kom i mellom, gjekk det ei tid til neste konsultasjon. I mellomtida hadde vedkomande også vore til to andre terapeutar. Den eine terapeuten framførte med brei pensel - ved hjelp av ei testmåling knytta til øyreakupunktur - at hovudproblemet var lever/galle problematikk. Den andre terapeuten, ein osteopat, sa at hovudproblemet var knytta til alt ovanfor skuldrene med tydeleg fokus på øyresusen. Kva gjer ein i slike situasjonar? Ikkje noko anna enn å venta på kva strategiar pasienten sjølv utledar av dette. Det viktigaste for meg var at pasienten blei formidla eit meir vidsynt fokus på kva faktorar som kan påverka ein helsetilstand og ut i frå det ta sjølvstendige valg til beste for seg sjølv. Ved neste time fekk eg ei kjensle av at mitt terapeutiske sidesyn hadde nådd fram, trass i konkurranse frå anna hald. Pasienten kunne fortelja at permisjon frå skulen var innvilga og at skuldrene hadde senka seg både ein og to tommar etter denne avgjerda. Kven vedkomande så krediterar sin betre helsetilstand framover til, er uinteressant.
Frå amalgam til spirituell sjølvforståing
Eit anna døme kan vera fokuset omkring amalgam og helse. Ein del terapeutar, både innanfor alternativ og etablert medisinsk leir, har etter mi meining drive ein fokusterrorisme innan dette feltet som det i ettertid er all grunn til å vera kritisk til. Kombinert med sjølvopplevd endring av helsetilstand, karismatiske karaktertrekk og ei matnyttig side – er det ikkje få som etter diverse testar har gått ut døra hjå einskilde terapeutar med amalgamstempelet i panna og bæreposar fulle av ulike remedie og med adressekort til ein eller annan tannlege i andre handa med melding om å åpna kjeften for omfattande sanering av den sølvgrå gifta. Ein fekk inntrykk av at det føregjekk ei standardutdeling av ein og same diagnose i mest alle tilfelle. Studiar viser at nytteverdien av slike omfattande og dyre inngrep, ikkje står i forhold til det tabloide forbetringspotensialet som blei førespegla.
Når så ein av dei sentrale aktørane innan denne fokustradisjonen i ettertid heilt har skifta meining og uttalar at all sjukdomsytring nå må forankrast i ein spirituell sjølvforståing og behandlingsstrategi, er det på tide å utdela grøftegravarprisen på både den eine og den andre sida av vegen. Amalgamfaktoren er uinteressant. Nå gjeld det heller å kvitta seg med den eksistensielle skuldkjensla, som igjen vil skapa forløysing for helande krefter. Ansvaret for eiga helse blir nå einsidig privatisert – du er sjølv aleine ansvarleg. Paradokset er at det dermed kan oppstå ei ny skuldkjensle dersom eg ikkje strekk til eller ikkje lykkast? Prøv å fortel dette til tannlegesekretærane og kvikksølvoffra i den japanske byen Minimata. Skal dei åleina bera byrdene for eit kollektivt ansvar som mange andre burde kjenna seg skuldig i?
Førebyggjing
Sjølv har eg stor tru på utdanning, men samstundes må ein innsjå at einskilde menneske har i seg karaktertrekk til tabloid penselføring som ikkje ein gong kunnskap og danningsrituale klarar å utlikna eller viska bort. Likevel meiner eg ei allsidig grunnutdanning der bl.a. innlæring av strukturerte anamneseopptak med vidvinkla kikkertsyn og styrking av fagidentitet kan vera forebyggjande for dei aller fleste mot slike tendensar. Dette kan bli endå meir aktuelt den dagen diagnoseindustrien med sine måleinstrument utstyrer fleire med online-system til eigne underleverandørar av diverse helseprodukt og pengar rett inn på konto. Fråsegna ”som ein ropar i skogen, får ein svar”, kunne kanskje då omformulerast til ”som ein ropar inn i maskinen, får ein svar”.
Nøtterøy 13. februar 2008
Se artikler relatert til: