Health Technology Assessment (HTA) om naturopati
Kanskje det viktigaste naturmedisinske dokumentet som er skapt på lang tid
Ei gruppe menneske innan World Naturopathic Federation (WNF) har lagt ned eit enormt arbeid i dette HTA-dokumentet. Finansieringa har i hovudsak kome frå Naturopaths and Herbalists Association of Australia (NHAA) med støtte frå Australian Research Centre in Complementary and Integrative Medicine (ARCCIM) ved University of Technology, Sydney. Meir enn 50 forfattarar har bidratt i prosjektet – og 40 medlemsorganisasjonar har vore med og fagfellevurdert materialet, deriblant NNH.
HTA skisserer tryggleik, effekt, kostnadar, praksis og forsking som støttar ein profesjon
Som tidlegare nemnt i Naturterapeuten, er HTA-dokument standarden som styresmakter og WHO brukar når dei evaluerer ein profesjon og avgjer korleis den kan samanliknast med andre helseprofesjonar. HTA skisserer tryggleik, effekt, kostnadar, praksis og forsking som støttar ein profesjon. Dokumentet er eit evidensbasert samandrag av naturmedisinsk/naturopatisk forsking i løpet av dei siste tretti åra som omfattar over 2000 fagfellevurderte vitskaplege artiklar med meir enn 300 kliniske studiar som involverer over 100 ulike helsepopulasjonar. HTA-dokumentet har eit omfang på heile 750 sider. Redaktørar for dette storverket har vore Iva Lloyd ND (Canada), Amie Steel ND PhD (Australia) og Jon Wardle ND PhD (Australia).
Forsking og innhaldsstruktur
Ei av årsakene til at dokumentet har eit så omfangsrikt sidetal, er at dokumentasjonen i høve forsking er gjort oversiktleg og transparent. Den er også inndelt i kapittel som omhandlar ulike sjukdomskategoriar, og kva type intervensjonar som er brukt. Dette kan blant anna vera svært nyttig i høve NNH sine framtidige dialogar med pasientorganisasjonar. WNF har også planar om å laga eigne dokument som kan nyttast i slike samanhengar.
Eit døme her kan vera kardiovaskulære tilstandar. Dette er ei pasientgruppe som i stort omfang oppsøkjer naturmedisin/naturopatar, og som det eksisterer forsking på – både i høve førebygging, behandling og handtering av hypertensjon og høgt kolesterol - og støtte i samband med pre- og post-kardiovaskulær kirurgi.
Ein eigen seksjon om effekten av ulike terapiformer som oftast blir nytta innan naturopatisk praksis er også utarbeida – som blant anna kosthald og klinisk ernæring, kompleks naturopatisk intervensjon, urtemedisin, livstilendring, sinn-kropp perspektiv, naturopatisk manipulasjon, hydroterapi, akupunktur og yoga.
Vidare er det kapittel som omhandlar det teoretiske og filosofiske grunnlaget for naturopatien, og korleis reguleringsregimet er i ulike land og verdsdelar.
Andre HTA-dokument
Innan den naturopatiske/naturmedisinske behandlingstradisjonen er det laga to andre HTA-dokument som omhandlar homøopati og antroposofisk medisin. Den sistnemnde har blitt godt mottatt internasjonalt og gjeve denne medisinske retninga større anerkjenning. Når det gjeld homøopati-dokumentet, har dette – i fylgje kjelder i WNF – svekka anerkjenninga til faget. Årsaka er forskingsdelen som ikkje held den standarden som er gjeldande internasjonalt.
Responsen så langt i høve WNF-dokumentet, er at dette er eit solid dokument som vil tåla å bli studert av dei som har eit kritisk auga til denne behandlingstradisjonen. Dette vil også vera avgjerande for kva status naturopatien/naturmedisinen kan oppnå framover.
Lanseringsstrategi
WNF har starta arbeidet med korleis ein på best måte kan lansera HTA-dokumentet i dei ulike landa. Rådet er at dette må gjerast individuelt, alt etter kva reguleringsregime som rår - og i tillegg til ressursar og kompetanse hjå dei ulike organisasjonane. WNF stillar meir enn gjerne opp, både når det gjeld materiell og kompetent personell. Mange i WNF-leiinga har forskingskompetanse.
For NNH er det også viktig at våre medlemmer ser verdien av eit slik dokument, og har difor omsett eit samandrag til norsk.
Se også
HTA - Health Technology Assessment
Naturopaths and Herbalists Association of Australia