Allmenn naturterapi
Kva kan eg venta meg i ein behandlingssituasjon med allmenn naturterapi?
Fyrste konsultasjon hjå ein allmenn naturterapeut, er ei kartleggjing av pasientens helsetiltand/symptom og journalføring av desse. Basert på pasienten sitt samla symptombilete og resultatet av ulike diagnosemetodar, blir det tilrettelagt eit individuelt behandlingsopplegg. Det vil også vera fokus på årsaksforhold, både av fysisk og psykisk karakter.
Ved kroniske plager vil den fyrste konsultasjonen vanlegvis vera omfattande og ofte vara eit stad mellom éin og to timar. Ved akutte plager er konsultasjonane mindre omfattande, fordi sjukdomsbiletet som regel er tydelegare og mindre samansett.
Lengda på behandlinga vil vera individuelle og kan avhenga av fleire faktorar: karakteren til sjukdomen, kor lenge han har vart, alderen til pasienten m.m. Einskilde ynskjer også å nytta eit behandlingsopplegg som ledd i førebyggjande tiltak, og då gjerne i eit lengre tidsperspektiv.
Fagkrav til allmenn naturterapeut MNNH
Grunnmedisin : 300 undervisningstimar (eller tilsvarande 30 stp.)
Naturmedisinsk grunnutdanning/diagnostikk/terapifag: 600 undervisningstimar ( minimum 1/3 skal vera praksis)
Sum: 950 undervisningstimar
Eigenstudietimar: 750 x 1,1 825 timar
Totalt studieomfang: 1 775 timar
Antallet timer med egne studier er vurdert ut fra at de fleste naturmedisinske studier er deltidsstudier og må egenfinansieres. Dette betyr for de fleste studenter at fulltids- eller deltidsarbeid skjer ved siden av studiene.
Generelt om NNH-terapeuters behandlingstilbud
Ein godkjent NNH-terapeut er pålagt i si marknadsføring spesielt å nemna den eller dei terapiformene vedkomande har godkjenning i, slik at pasientar kan være trygge på å få kvalifisert behandling i dei terapiformene som blir nytta - uansett om dette er ein eller fleire. Når det gjeld tilleggsterapiformer som blir nemnt og som NNH ikkje har godkjenning for, har terapeuten ansvar for nødvendig og forsvarleg kompetanse. Dette er også stadfesta i ansvarsforsikringa som kvar einskild terapeut har.
Dei ulike faggruppene eller sentralstyret/landsmøtet i NNH har hovudansvaret for å fastsetja utdanningsnivå i dei ulike faga. Omsynet til at dei fleste integrerar fleire terapifag i sin praksis, har gjort at NNH satsar på å kvalitetssikra solide grunnutdanningar tilpassa ein naturterapeutisk praksis og med gode føresetnadar for vidare spesialisering - jfr. dei ulike fagkrava under terapibeskrivelsane.
Fagkrava i dei allmenndannande faga er i dag på minimum 300 undervisningstimar eller tilsvarande 30 studiepoeng i høgskulesystemet for grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, patologi osb.), 50 undervisingstimar i Generelle fag (etikk, kommunikasjon osv.) og 110 timar i Naturmedisinsk grunnutdanning.
Hovudmålet med desse allmenndannande faga er å utdanna terapeutar med ein høg etisk standard, gjera dei i stand til å kommunisera med andre fagprofesjonar og utvikla ei kritisk tenking til både seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap. Vidare å skapa ei forståing for hovudprinsippa innan ulike klassiske naturmedisinske system for dermed å tydeleggjera den naturterapeutiske identiteten og komplettera forståinga og utøvinga av dei ulike terapiformene.
NNH har vedtektsfesta etiske regler som medlemma er forplikta til å fylgja.
Organisasjonen har også eit klageorgan/etisk råd som pasientar kan bruka om dei meiner seg feilbehandla i forhold til nemnde regelverk. Terapeutmedlem pliktar å ha oppslag om dette på venterom/kontor.