NNH var sterkt representert på
World Naturopathic Federation sine arbeidsmøter og generalforsamling i Genève 13.-16. september i år - med både nestleiar Jarle Botnen og leiar John Petter Lindeland. Mange nye nettverk er knytta i alle verdsdelar - Brasil, USA, Canada, fleire land i Europa og Afrika, Australia og Danmark.
Hovedfokuset i arbeidsmøtene har vore utdanning og forsking. Som kjent har fleire kantonar i Sveits gjeve autorisasjon til den naturopatiske profesjonen som omhandlar ulike fag; TCM, tradisjonell europeisk medisin, homøopati og ayurvedisk medisin. Fleire statar i USA og Canada er profesjonstittelen Naturopathic doctor regulert med liknade rettar som primærlegar.
Når det gjeld forsking, er det mykje god kompetanse på høgt nivå innan WNF - noko det omfattande
HTA-dokumentet er eit godt døme på. Det blei under arbeidsmøtene likevel poengtert at ikkje alle treng forskingskompetanse for å vera eit ledd i forskingsarbeid. Klinikaren, i lag med organisasjonane, er viktige element i dette arbeidet, og kan levera viktige bidrag og innspel til forskingstema. Minner her om at NNH skal ha eit netttseminar om forsking 5. desember - i samarbeid med NAFKAM. Sjå NNH sin
kurskalender.
Møtet fekk også besøk av ein entusiastisk representant frå WHO Dr. Pradeep Kumar Dua - som har hovudkontor i Genève. WNF har ein god posisjon i høve WHO, og er blitt spurt om å vera bidragsytar til neste revisjon av dokumentet
Traditional Medicine Strategy.